Kommunestyremøte i Surnadal

Et kommunestyremøte.

Vil jobbe for at prognosen ikkje skal slå til

Torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal, med mellom anna fleire økonomisaker på ei svært lang og omfattande saksliste. Ei anna viktig sak handla om innsparingar i oppvekstsektoren, mellom anna skulestuktur. Dette blir no langt ut på høyring.

Kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli la fram ei samla orientering om dei økonomiske sakane på dagens agenda, dvs. årsmelding og årsrekneskap for kommunen i 2024, tertialrapporten for første tertial 2025, budsjettregulering for første tertial 2025, første utkast til budsjett for 2026  og økonomiplan for 2026 -2029. 

Udekka meirforbruk

Netto driftsresultat for 2024 vart eit meirforbruk på 35 millionar. Disposisjonsfordent vart tømt, og ein står att med 17,8 millionar kroner i udekka meirforbruk. Det udekka meirforbruket må dekkast inn i år og/eller neste år, dersom kommunen skal unngå å kome på ROBEK-lista.

Det var store meirforbruk på dei fleste einingane i kommunen i 2024. Det totale meirforbruket på einingane var på over 40 millionar kroner.

Mindreforbruk i første tertial

Tertialrapport for første tertial viser at einingane har eit samla mindreforbruk på 688.000 kroner. 

Økonomisjefen sa at det er ganske store avvik, både i positiv og i negativ retning, på dei ulike einingane. 

Sjukefråværet i kommunen er framleis høgt, men litt lågare enn på same tid i fjor. Det er vanskeleg å skaffe arbeidskraft på nokre av einingane, slik at det blir ekstra kostnader i samband med overtidsarbeid m.a. 

Kommunen har òg fått uventa kostnader knytta til enkeltvedtak, etter at budsjettet for 2025 var lagt.

Ei dame som snakker til en forsamling.
Økonomisjef Vibeke Langli

– Alle einingane jobbar intensivt med å finne tiltak og løysingar for å greie å halde seg innanfor budsjettrammene, sa økonomisjefen.

Når sentrale inntekter og utgifter er rekna med så viser tertialrapporten eit positivt netto driftsresultat på om lag 3,2 millionar kroner.

Dyster prognose

Likevel viser prognosen for heile året at einingane kan får eit samla meirforbruk på omtrent 15 millionar kroner. Økonomisjefen presiserte at mykje framleis er usikkert både når det gjeld inntekter og utgifter for resten av året. Kommunedirektøren la til at ein prognose ikkje er fasiten på kva som faktisk skjer framover.

– Ein prognose er ein prognose, og vi skal gjere alt vi kan for at det ikkje blir slik, sa Kvande.

Auka meirforbruk i budsjettet

Kommunedirektøren la fram forslag til budsjettreguleringar som samla gir eit meirforbruk på litt over 2 millionar kroner for 2025. Dette blir først mot budsjettert netto driftsresultat, slik at budsjettert netto driftsresultat for 2025 blir redusert til eit mindreforbruk på om lag 2,9 millionar kroner.

Et kommunestyremøte

Aukande fart inn mot ROBEK

I saka om tertialrapporten for årets første tertial gjekk Bergsvein Brøske (SP) på talarstolen. Han sa mellom anna at han føler at farten på tur inn i ROBEK berre er aukande.

– Har vi gått nok laus på det som er "nice"? spurte han.

Annett Ranes (AP) sa at ho set pris på ein slik prognonse. Det gjer at ei ikkje kan senke skuldrene fordi tala er grøne akkurat no, på denne tida av året, slik det har vore gjort tidlegare år.

Krev oppdatert tiltaksplan 

I saka om budsjett 2026 og økonomiplan 2026 - 2029 la Ole Joar Karlstad Bruset (H) eit forslag om at kommunestyret ber om ei oppdatert tiltaksplan til kommunestyremøtet i oktober. Summen av utkast til budsjett 2026 og tiltaksplan skal vise eit budsjett og ei økonomiplan som held Surnadal kommune unna ROBEK. Forslaget frå Høgre vart vedteke med 16 mot 10 stemmer. Heile teksten i forslaget kan ein sjå i opptaket på Kommune-TV, eller i protokollen på Surnadal kommune si heimeside.

Innsparingar i oppvekstsektoren ut på høyring

Ei anna svært viktig sak i dette møtet var høyringsdokumentet til "Effektivisering og moglegheiter for innsparing i oppvekstsektoren", som og omfattar skulestruktur i kommunen.

Gøran Bolme (SP) la fram eit tilleggsforslag om å legge inn eit ekstra alternativ til skulestruktur i høyringsdokumentet, eit såkalla "nullalternativ", med innsparing og effektivisering utan endring av skulestrukturen. Fleire andre representantar sa at dei ikkje ville støtte dette forslaget, fordi dei meinte at høyringsdokumentet inneheld nok informasjon, slik at det er fullt mogleg å sende inn innspel til høyringa og argumentere for eit forslag utan endring av skulestruktur, eller eventuelt for andre endringar av skulestrukturen enn dei tre alternativa som er lista opp i høyringsdokumentet.

Forslaget frå Senterpartiet fall med 9 stemmer for, 16 mot, og kommunedirektøren si innstilling vart vedteke.

Studiesenter og høyring om vidaregåande skular 

Kommunestyret vedtok kommunedirektøren sitt forslag om å delta i etableringa av Studiesenter Trøndelag Sørvest AS.

Kommunestyret vedtok også å gi ordføraren fullmakt til  å utforme og signere ein uttale på høyring om ny tilbods- og skulestuktur innanfor den vidaregående skulen i Møre og Romsdal. Ordføraren skal ha dialog med Skuelutvalet, Surnadal vgs. og Surnadal næringsforening om dette, og uttalen skal leggast fram for formannskapet sine medlemmar før den blir sendt.

Kommunestyret hadde fleire viktige saker på agendaen i dette møtet. Sjå oversikt på Surnadal kommune si heimeside.

Heile møtet kan ein sjå i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS