Formannskapsmøte i Surnadal:
Vedtok innstilling om budsjettregulering på investeringar
Tysdag hadde formannskapet i Surnadal møte, der dei mellom anna vedtok ei innstilling til budsjettregulering i tråd med Statsforvaltaren si godkjenning. Formannskapet fekk også ei orientering om status i arbeidet med utgreiing av eventuell innfasing av Mo skule i SUBUS.
Saksdokumenta til møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside. Sjå møtet i opptak på Kommune-TV.
Orkdalspakken har stranda
Møtet starta med orienteringar frå ordførar Hugo Pedersen, der han mellom anna informerte om at Orkdalspakken no har stranda, på grunn av at Orkland kommune ikkje ønsker bompengeinnkreving i sin kommune. Ordføraren sa at han har beklaga og uttrykt at han er skuffa over dette. Han sa at styringsgruppa for Orkdalspakken ikkje blir lagt ned, men at det ikkje blir nye møte der før det eventuelt kjem noko nytt på bordet. Ordføraren sa at Orkdalspakken var ei god moglegheit for å få betre veg, for næringslivet, for akuttberedskap og for innbyggarane i Surnadal. No vel Trøndelag fylkeskommune å bruke pengane på andre tiltak i Trøndelag. Men ein skal likevel ikkje minste motet, saka kan bli teke opp att seinare, sa Pedersen.
Statsforvaltaren har ikke godkjent alle investeringar
Surnadal kommune er no på ROBEK-lista, og ordføraren sa at tonen i møtene med Statsforvaltaren er god, og at samarbeidet går bra, sjøl om partane ikkje alltid er einige i alle saker.
Under orienteringar frå kommunedirektøren gjekk økonomisjef Vibeke Langli gjennom hovudtala i rekneskapen for 2025. Rekneskapsåret endte med eit negativt netto driftsresultat på 20,9 millionar kroner. Etter bruk og avsetning til bundne fond er dette eit udekka meirforbruk på 23 millionar kroner. Summen av samla udekka meirforbruk er no på om lag 40,7 millionar kroner.
Økonomisjefen heldt også ei kort orientering om økonomien så langt i år.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande opplyste at Statsforvaltaren ikkje har godkjent alle investeringane som kommunestyret vedtok i desember. Men Statsforvaltaren har, som kjent, godteke investeringa i helsehus-prosjektet.
Kvande sa at plana no er at Surnadal skal vere ute av ROBEK ved utgangen av 2028.
Status for utgreiing av innfasing av Mo skule i SUBUS
Det var opna for såkalt «grunngitte spørsmål», og ordførar Hugo Pedersen stilte spørsmål til kommunedirektøren om status for arbeidet med utgreiing av eventuell innfasing av Mo skule i SUBUS.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande ga ordet vidare til kommunalsjef oppvekst Kenneth Bergstad. Kommunalsjefen sa at prosessen er handtert etter de samme prinsippene som i førre runde, i tråd med Forvaltningslova og Kommunelova. No er ein inne i høyringsfasen. Ein vurderer at saka er forsvarleg utgreidd pr no, men Bergstad understreka samtidig at fleire sentrale føresetnader har endra seg sidan den førre behandlinga.
I saksutgreiinga er det lagt fram tre alternative løysingar. Det eine er full nedlegging av Mo oppvekstsenter frå hausten i år. Det andre alternativet er vidareføring utan endring, og det tredje alternativet er ei gradvis innfasing.
Bergstad sa at mellom anna at nedlegging av Mo oppvekstsenter fra hausten 2026 kan gjennomførast innanfor lovkravet, men det vil utfordre kvaliteten på opplæringstilbodet, spesielt i ein overgangsfase. Innsparinga er reell, men går på bekosting av fleksibilitet, komfort-marginar og utviklingsrommet.
Kommunalsjefen påpeika at det har bredt seg uro og uvissheit blant foreldra, som er belastande for dei, og at det blir stilt spørsmål om ei så rask overgang vil vere pedagogisk og organisatorisk forsvarleg. Han var tydeleg på at ei nedlegging allereie frå hausten vil vere krevande å gjennomføre, på ein måte som ivaretek kvalitet, kapasitet og trygge overgangar for alle elevar. Risikoen i overgangsfasen er høg, spesielt for elevar med særskilt oppfølging. Men samtidig må ein vere ærleg på at kommunen truleg ikkje har råd til å vente, gitt den samla økonomiske situasjonen. Bergstad påpeika at alternativet til å handle no er ikkje status quo, men andre innsparingar, som også vil kunne gå utover kvalitet, stabilitet og arbeidsmiljø, berre på andre måtar og i andre delar av oppvekstsektoren. Dette kan bli enda meir krevande økonomisk og strukturelt på kort sikt, sa han.
Bergstad påpeika til slutt at alle faktorar er ikkje lagt på bordet enno. Saka ligg ute på høyring, og høyringsprosessen skal fullførast.
Støtte til Midtsommar i Surnadal og nytt digitalt verktøy
Formannskapet vedtok einstemmig å støtte SKUV sitt arrangement «Midtsommar i Surnadal» med 75.000 kr og å gi Simensen Digitale Løsninger ENK, i samarbeid med Solem Sag AS, støtte til utvikling og testing av digitalt verktøy med 60.000 kroner. Desse løyvingane blir belasta næringsfondet.
Vedtok innstilling til budsjettregulering på investeringar
Formannskapet vedtok einstemmig ei innstilling til kommunestyret med budsjettregulering på investeringar, i tråd med Statsforvaltaren si godkjenning. Fleire investeringsprosjekt i budsjettet som kommunestyret vedtok i desember er ikkje godkjent av Statsforvaltaren. Desse må derfor takast ut av budsjettet. Tidslina for helsehusprosjektet er også forskuva litt fram i tid.