Kommunestyremøte i Surnadal:

Personer sitter ved bord i et møterom og arbeider på bærbare PC-er.

Mindreforbruk hittil i år

Sist torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal, med dialogkonferanse. Kommunestyret fekk mellom anna orienteringar om økonomi, status for ulike innsparingstiltak, og planer for omstilling framover.

Publisert

Møtet starta med dialogkonferanse. I innleiinga tok økonomisjef Vibeke Langli ein gjennomgang av hovudtala den foreløpige årsrekneskapen. Årsmelding og rekneskap for 2025 blir behandla i kommunestyret i juni.

Udekka meirforbruk skal dekkast inn i 2028

Kommunen sin rekneskap for 2025 viser eit negativt netto driftsresultat på 20,9 millionar kroner. Etter bruk og avsetjing til bundne fond er det eit udekka meirforbruk på 23 millionar kroner. Summen av uekka meirforbruk er da på om lag 40,7 millionar kroner. Dette må dekkast inn i løpet av dei kommande åra, slik det er lagt opp til i økonomiplana, sa økonomisjefen. Det udekka meirforbruket etter plana vere dekt inn i løpet av 2028.

Mindreforbruk hittil i år

Langli orienterte også om rekneskapen så langt i år, der ho la fram eit resultat for første kvartal, sjølv om ikkje alle postane er heilt ajour. Pr utgangen av mars var mindreforbruket samla på tenestene på 1,7 millionar kroner, og det er eit positivt netto driftsresultat på 3,7 millionar kroner. Økonomisjefen sa at det ser ut til at dei fleste einingane klarer å halde seg innanfor rammene, men ikkje alle. Det er størst problem med stramme rammer innanfor oppvekst, og særleg for SUBUS.

Mann står bak trett talerstol og snakker i mikrofon innendørs.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande.

Planlegg omstillingsprosess

Kommunedirektør Lars Inge Kvande orienterte mellom anna om økonomi og innsparingstiltak som er gjennomført, tiltak som skal gjennomførast, og den planlagte omstillingsprosessen, der kommunen får hjelp frå KS Konsulent AS. Kommunestyret har tidlegare gjort vedtak med mål om nedtrekk av 20 årsverk i kommunen i 2026, og ytterlegare 15 årsverk i 2027. 

Når det gjeld saka om eventuell innfasing av Mo skule i SUBUS, så er høyringa no gjennomført, og det er gjennomført dialogmøte på begge skulane. Kommunestyret skal ha eit ekstra møte og ta ei avgjerd i skulesaka 19. mai.

Brannsamerbeid i Trøndelag

Brannsjef Tor Arne Moen heldt eui orientering om ein mulighetsstudie for brannsamarbeid i Trøndelag, som Surnadal er med på. Et slikt samarbeid vil, ifølge brannsjefen, ha mange fordelar, både praktisk, relasjonsmessig og økonomisk.

Interpellasjon om motorferdsel i utmark

Mona Rita Brøske Rønning (SP) fremma ein interpellasjon som gjeld retningsliner for motorferdsel i utmark som kommunestyret vedtok i desember i fjor.

I interpellasjon heiter det at: "I vedtaket i kommunestyre 18 desember 2025 ble det i pkt 3 i retningslinjene brukt feil begrep i avsnitt 2. Der ordet "kan" ble brukt, istedenfor ordet "skal" burde stått. Som var intensjonen fra flertallet i kommunestyret. Det har vist seg i ettertid att dette har ført til misforståelser i saksbehandlingen av innkomne søknader. Ber derfor om at vi i kommunestyret i dag, 30 april 2026 retter denne ordlyden, sånn at intensjonen for vedtaket med uavgrensa turer blir praktisert." 

Kjell Johan Larsen (uavh.) gjekk på talarstolen og påpeika at det blir henvist til ei lov som seier at det er forbud mot motorferdsel i utmark, og så snakkar ein her, som kommune, om å ubetinga gi dispensasjon frå lova. Han sa at det vil vere å sette lova til side, og det meiner han at kommunen ikkje kan gjere.

Det vart først gjennomført ei avstemming om kommunestyret ville ha saka realitetsbehandla i møtet. Her stemte meir enn ein tredjedel av representantane for realitetsbehandling (berre 6 stemte mot), slik at det kunne gjennomførast.

Ved avstemming om interpellasjonen støtta 18 representantar forslaget i interpellasjonen, medan 8 stemte imot. Forslaget frå Rønning vart dermed vedteke.

Ekstra finansiering av veterinærvaktordninga

Kommunestyret vedtok også einstemmig at Surnadal kommune bidrar til å fullfinansiere kommunen si veterinærvaktordning for 2026 med ei løyving på kr. 300.000,- frå jordbruksfondet og næringsfondet. 

I saksframlegget er dette forklart slik: I Surnadal/Halsa-området er det lagt opp til og utlyst ei 4-delt vaktordning. Ved utlysinga gjeldande frå 2026 kom det ikkje inn meir enn 3 søkarar til vaktordninga i Surnadal/Halsa,  alle 3 tilknytta selskapet INVet AS . Dermed står ein att med ei fjerde vakt som ikkje er besatt. Etter forhandlingar med INVet AS har ein kome fram til at dei 3 veterinærane som allereie har takka ja til vaktordninga kan fordele den fjerde vakta mellom seg mot ei tilleggsyting tilsvarande det fjerde vakthonoraret + 100%.

Jamfør Lov om veterinærar og anna dyrehelsepersonell §3, skal kommunane sørge for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Kommunane har ansvar for å organisere ei klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Det vil ikkje vere tilfredsstillande å la ei fjerde vakt stå ubemanna slik at ein kvar fjerde vekedag og kvar fjerde helg ikkje har noko veterinærvaktordning. Med bakgrunn i dette har Surnadal kommune saman med INVet AS kome fram til ei ordning som dekkjer opp den fjerde vakta mot eit høgare honorar.

Midlertidig plassering av tenester under byggeperiode for helsehus

Prosjektledar Pål Ranes orienterte kommunestyret i saka om midlertidig plassering av tenester under byggeperiode for helsehus. Den eldste delen av sjukeheimen, BOA, skal rivast, og resten skal pussast opp. Den delen som skal rivast inneheld mange funksjonar, blant anna tekniske. Derfor må det mellom anna etablerast ein teknisk sentral utanfor helsehuset før riving av BOA. Ranes gjekk gjennom planer for midlertidig løysingar for ulike funksjonar i byggeperioden.

Møtesal der representanter ser på en kartpresentasjon på storskjerm.

Plan og byggenemnda si innstilling var slik: 

I samband med behov for midlertidig plassering av tenester under byggeperiode for helsehus, går kommunestyret inn for alternativ 3 i kombinasjon med alternativ 1, beskrevet i vurderinga i denne saka. Det vil seie optimalbruk av kommunale bygg og minimal bruk av dobbeltrom.

Plan og byggenemnda si innstilling vart einstemmig vedteke.

Budsjettregulering i tråd med Statsforvaltaren si godkjenning

Kommunestyret gjorde også vedtak om budsjettregulering på investeringar, i tråd med Statsforvaltaren si godkjenning. Statsforvaltaren har ikkje godkjent alle investeringane som låg i det opprinnelege budsjettet. 

Sja heile møtet på Kommune-TV her

Powered by Labrador CMS