Formannskapsmøte i Surnadal

Folk sitter rundt et møtebord i et konferanserom med en presentasjon på skjerm.

Årsprognosen er lik budsjettet etter første tertial

Tysdag hadde formannskapet i Surnadal møte. Sakslista var lang, men sakene var ikkje blant dei mest tidkrevjande denne gongen. Fleire økonomisaker sto på agendaen, og økonomisjefen konstaterte at den samla årsprognosen på drift så langt i år er lik budsjettet.

Publisert

Økonomisjef Vibeke Langli la fram årsmelding og årsrekneskap for 2025 for formannskapet. Rekneskapsåret enda med eit negativt netto driftsresultat på 20,9 millionar kroner. Etter bruk og avsetting til bundne fond er det eit udekka meirforbruk på 23 millionar kroner. Etter dette har kommunen eit samla udekka meirforbruk på om lag 40,7 millionar kroner. Formannskapet vedtok einstemmig kommunedirektøren sin innstillling, og saka går vidare til kommunestyret.

Folk sitter i et møterom mens en person presenterer fra podiet og en lysbildefremvisning vises på skjerm.

Positivt netto driftsresultat

Økonomisjefen la også fram tertialrapporten for første tertial. Ved utgangen av første tertial viste rekneskapen eit positivt netto driftsresultat, og årsprognosen slik den ligg no er lik budsjett. Formannskapet vedtok einstemmig å ta tertialrapporten til orientering, og saka går vidare til kommunestyret.

Formannskapet støtta også einstemmig kommunedirektøren sin innstilling i saka om budsjettregulering. I kommunedirektøren si innstilling er det lagt opp til akkurat like stor auke i inntekter som utgifter i drift, så summen av budsjettreguleringa på drift er null. Saka går vidare til kommunestyret.

Vil godkjenne helsehusprosjektet

Prosjektleiar Pål Ranes orienterte formannskapet om byggekontrakten som gjeld nytt helsehus. Arbeidsmiljøutvalet i kommunen var også med på den orienteringa. Formannskapet vedtok einstemmig, i tråd med kommunedirektøren si innstilling, at dei tek til etterretning at kommunestyret godkjenner det framlagte helsehusprosjektet slik det ligg føre etter gjennomført samspillsfase, og med ny ramme på inntil 580 mill. kroner.

Godkjente leigeavtale om areal til fotballbane

Formannskapet godkjente einstemmig den framlagte leieavtalen mellom Surnadal IL og Surnadal kommune, om areal for opparbeiding av ny kunstgrasbane. Næringskonsulent Harald Bredesen la fram saka i møtet. Han sa at dette området har vore tiltenkt fotballbane sidan reguleringa tredde i kraft. Han forklarte at dette også er årsaka til at det vart nokre ekstra svingar på den ny vegen ned til Syltøran. Når det kjem ein fotballbane der, så vil det vere naturleg at vegen tar dei svingane den tar, påpeika han.

Mange fikk støtte

Formannskapet vedtok einstemmig å gi eit bidrag på 300.000 kroner til ny tråkkemaskin ved Surnadal alpinsenter. Beløpet blir belasta næringsfondet mot godkjent dokumentasjon. Mange lokale næringslivsaktørar har gitt også tilsagn om støtte til dette prosjektet.

Formannskapet vedtok også støtte til Stangvikfestivalen og Klinge Luft og Vingar AS, som hadde søkt om midlar frå næringsfondet. Formannskapet fekk og orientering om årsmeldinga for næringsfondet, som dei godkjente einstemmig og dermed sender vidare til kommunestyret. I sakene om tildeling av kulturmidlar støtta formannskapet også einstemmig kommunedirektøren sine innstillingar.

Sjå formannskapsmøtet i opptak på Kommune-TV

Powered by Labrador CMS