Møre og Romsdal Senterparti – Fylkesårsmøte 2026
Nytt leiarskap og klare politiske prioriteringar for framtida
Møre og Romsdal Senterparti har avvikla sitt fylkesårsmøte 2026 med 133 delegatar samla frå heile fylket. Dette skriv partiet i ei pressemelding.
Årsmøtet markerte både eit leiarskifte og ei retningsavklaring for partiet fram mot kommune- og fylkestingsvalet. Tidlegare statssekretær i Kommunaldepartementet Ole Gustav Narud innleia debatten med å snakke til forsamlinga om sentralisering og desentralisering, lokalsamfunn og nasjonalstat, EU-debatten, forsvarspolitikken, helsereform, kommunesamanslåing og kriminalitet og narkotikapolitikken. Vår eigen stortingsrepresentant Geir Inge Lien tala om Senterpartiet sin nøkkelposisjon i åra framover og nye moglegheiter for fleirtal i stortinget.
Til ny fylkesleiar vart Lisa Alvestad frå Haram vald. Ho tek over etter Odd Helge Gangstad etter eit einstemmig forslag frå valkomiteen, som meiner at eit leiarskifte er rett veg å gå for å styrkje organisasjonen og løfte partiet vidare.
– Møre og Romsdal Senterparti treng nye krefter og fornya energi inn i fylkesstyret. Lisa Alvestad har brei politisk erfaring, sterk organisasjonsforståing og evne til å samle folk om felles mål, heiter det i valkomiteen si grunngjeving.
Alvestad har markert seg som ein tydeleg og løysingsorientert politikar. Ho har vore 2. nestleiar i fylkesstyret, medlem av fylkestinget og samferdselsutvalet, gruppeleiar for Senterpartiet i Haram kommune og første vara til Stortinget. Ho var sentral i arbeidet med å få Haram ut av Ålesund, og er kjend for å kombinere politisk innsikt med organisatorisk teft.
– Eg er takksam for tilliten og ser fram til å leie eit sterkt lag som vil stå på for nærleik, tryggleik og framtidstru i heile Møre og Romsdal, seier Alvestad.
Som ny 2. nestleiar vart Markus Farstad Andersen frå Hustadvika vald, medan Jan Peter Valde frå Rauma går inn som nytt styremedlem. Anne Kathrine Notøy frå Herøy vart vald til ny fylkesstudieleiar.
Fylkesårsmøtet vedtok 5 resolusjonar som peikar ut ei viktig retning for partiet si framtid.
Møre og Romsdal Senterparti meiner at
1. Senterpartiet skal ta ei aktiv rolle i å etablere kjernekraft som energikilde i Norge
2. Forslaget til forbud mot nedbygging av myr er alt for strengt og fratar lokalstyret bestemmelsesrett over kommunens areal.
3. Vi må få på plass tiltak for å inkludere fleire unge i arbeid og høgare utdanning og forhindre utanforskap.
4. Vi må ta tilbake kontrollen over sjukehusa. og få folkevald styring. Helseføretaka må avviklast, og Muritunet, som tverrfagleg spesialisert rehabilitering, må få gode rammevilkår.
5. Sikre distriktsmedisinsk senter i Kristiansund med forutsigbar finansiering.
Årsmøtet bar preg av engasjement, framtidstru og eit sterkt ønske om å bygge vidare på Senterpartiet sine kjerneverdiar: lokalt folkestyre, berekraft og tryggleik for alle.