10. trinn ved Surnadal ungdomsskule:

Filmlærar Raymond Grøvdal Hansen ved Nordmøre Folkehøgskule gav elevane på 10. trinn ved Surnadal Ungdomsskule gode tips om korleis dei skal lage best mogleg filmar når dei tysdag besøker lokale bedrifter.

Lærer om lokalt næringsliv gjennom filmprosjekt

På grunn av koronapandemien har elevane i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule gått glipp av både Innovasjonscamp og bedriftsbesøk. Denne veka får dei lære meir om lokale bedrifter, ved å lage filmar om ti av dei.

Tysdag var det kick-off for 10. trinnet sitt filmprosjekt, der næringskonsulent Harald Bredesen er primus motor og filmlærar Raymond Grøvdal Hansen frå Nordmøre Folkehøgskule hjelper til med opplæring og redigering.

– Dette handlar om at elevane skal lære seg å kjenne næringslivet betre, og det å lage film kan vere ein spennande metode å ta i bruk. Då må dei gjere seg kjente med bedriftene, seier Harald Bredesen, og legg til:

– Ved å dele elevane i ti grupper, blir det laga ti filmar, og dermed får heile trinnet god innsikt i ti lokale bedrifter.

Rådgjevar Ingeborg Polden ved Surnadal ungdomsskule fortel at filmprosjektet er meint som eit lite plaster på såret for at kullet har mista fleire prosjekt knytt opp mot lokalt næringsliv grunna pandemien.

– Vi har ikkje så mykje verken kompetanse eller verktøy å hjelpe oss med, når det gjeld filmredigering. Så difor har vi vore så heldige at vi har fått med oss Raymond, seier Polden.

– Dei hadde behov for både utstyr, kompetanse innan film og filmproduksjon til dette prosjektet, og dessverre så fekk dei meg. Men slik er det, ein kan ikkje få alt ein ønskjer seg her i livet, seier Grøvdal Hansen med glimt i auget.

I løpet av ein halv time tysdag, pressa han inn det han omtala som ei veke med filmpensum. Dermed er elevane klare for å gjere opptak ute hos bedriftene onsdag.

Harald Bredesen (Surnadal kommune), Raymond Grøvdal Hansen (Nordmøre Folkehøgskule) og Ingeborg Polden (Surnadal Ungdomsskule).

Bedriftene som deltek er SpareBank 1 Nordmøre, Innveno, HJH Bygg, Consto Midt-Norge, Midtnorsk Bedriftshelsetjeneste, Kokkens.no/Kokkens Spiseri, Tasktmann Øyås, Trollheim, Surnadal Lastebilverksted og Gårdsslakteriet Sylte.

Då Bredesen lyste ut filmprosjektet til næringslivet, var det allereie bestemt at det skulle vere ti grupper, og dei var difor på jakt etter ti bedrifter.

Næringskonsulenten fortel at bedriftene verkeleg viste interesse for tiltaket.

– Over 20 bedrifter meldte raskt tilbake at dei var interesserte, så vi måtte køyre først-til-mølla-prinsippet. Det at vi har over 10 på venteliste, viser at bedriftene våre er interesserte i å gjere noko for ungdommane.

– Det er kjekt å vite til seinare, for håpet er jo no at dette viser seg som noko ein kan gjenta – og at det er ein kjempefin måte for ungdommane å bli kjent med næringslivet på, seier Bredesen.

Powered by Labrador CMS