ANNONSE FRA SURNADAL IL FOTBALL:

Framsida av Surnadalskortet 2021.

Neste års Surnadalskort er allereie no i sal

Surnadalskortet er bygdas beste rabattkort. Det er eit skikkeleg kinderegg av eit kort. Det berre gir og gir og gir.

Du får: rabatt på utvalde produkt du handlar lokalt, samt gratis inngang på alle kampar på Syltøran stadion.

Lokale bedrifter får: auka omsetning og kan utvikle seg fordi du handlar her i staden for på nett.

Surnadal IL fotball får: Støtte til å gje eit best mogleg tilbod til 300 barn og unge.

I eitt annleis år som dette har vi lært at det å støtte opp om dei som er nærast oss er viktig for å ha tilbod nære oss når vi treng det. Surnadal IL har vore prisgidd gode samarbeidspartnarar i år. Utan dei hadde det ikkje vore mogleg å oppretthalde aktiviteten. Då er det viktig for oss å presisere kor viktig det er at alle i bygda vår brukar desse lokale bedriftene. Utan kunder, ingen bedrifter og utan desse bedriftene er det ikkje noko idrettslag. Surnadalskortet er eit samarbeidsprosjekt mellom fotballgruppa i Surnadal IL og ei rekkje lokale bedrifter. Målet med samarbeidet er å auke omsetninga til lokale bedrifter ved å motivere til lokal handel i staden for netthandel og å sikre velkomne inntekter til fotballgruppa for å kunne lage mest mogleg aktivitet for barn og unge.

Dei gode rabattane for 2021 er:

  • Intersport: 15 % på tekstil og sko + 20 % på fotballutstyr.
  • Atleta: 1 månad gratis trening for nye medlemmar + 1 time gratis PT til alle medlemmar på Atleta
  • Happy Homes: 20 % Gjøco interiørmaling, 10 % hobbyartikler, 10 % Flis og gulvbelegg
  • Eurosko: 20 % på sko og vesker.
  • Kløpparn: 20 % på alle produkter
  • YX: 20 % på bilvask + 10 % på mat
  • Lediard: 20 % på vanleg fotoshoot + 15 % på alle papirfoto + 10 % på alle "Touch" rammeløs print
  • Ivar Øverlie: 20 % på klokker, komplette briller (nye glass og ny infatning,) solbriller og kikkertar.
  • Power: 10 % på alle kvitevarer til ordinær pris
  • Dekkmann: 12 % på dekk og felg
  • Byggmakker: 20 % på listverk og utforinger + 20 % på interiørmaling fra Beckers + 20 % på skruvar og festemidler.
  • Surnadal Blomster: 20 % på heile butikken
  • Datasenteret: 10 % på blekk og toner
  • Ark: 30 % kontorrekvisita
  • Sveen: 15 % på barnestoler og tilbehør fra BeSafe
  • Johansen Conditori: 10 % på Tallerkenretter

Kortet er allereie no i sal. Du bestiller ved å gå inn på surnadalil.no og finner fanen Surnadalskortet. Bestilling og betaling skjer gjennom Superinvite, som mange vil kjenne at som løysninga vi nyttar til deltakaravgift og fotballskule.

Kortet kan hentast på Syltøran Stadion etter avtale med dagleg leiar Sondre Ormset. Tlf. 93695513 eller so@surnadalil.no.

Prisar for kortet er i år:

  • 900,- for 1 kort
  • 1600,- for 2 kort til same husstand
  • 2200,- for 3 kort til same husstand
  • 600,- per kort ut over 3 til same husstand
Baksida av Surnadalskortet 2021.
Powered by Labrador CMS