Midtsommar i Surnadal

Spennande dag på ope verkstad i Bekkerhagan i Todalen

Laurdag hadde Skulstuå ein «sprett-opp-kafé» i Bekkerhagan, med nykoka kaffe og eit rikhaldig kakebord. Her fekk besøkjande ta del i den livlege samtalen rundt langbordet etter at dei hadde vore innom verkstaden til kunstnar Siri Skjerve. I verkstaden fekk dei mellom anna høyre om korleis Siri behandlar skinna ho brukar i skulpturane sine, der nokre av døma var råhud som har vore lagt i Toåa for avhåring, medan andre var fettgarva med hjerne.
«Eg hadde inntrykk av at det var mange som var interessert i kva ein kan få til med skinn som materiale», seier Siri «og eg set stor pris på samarbeidet eg har med jaktlaga i Todalen og med Skulstuå. Eg håpar dei som kom fekk ei god oppleving».
Visninga i verkstaden til Siri Skjerve var ein del av programmet til Surnadal Open, som har mange spennande arrangement på programmet denne helga.
Helsing Skulstuå i Todalen


