LESERINNLEGG:

Eivind Hasle

Kven fortener ei flaske vin?

Publisert

Pensjonistlaget har hatt møte, og fleire bidragsytarar har ifølgje referata gjort seg fortente til ei flaske vin.

Det synest bli meir og meir vanleg å gi vinflasker som gåver eller honorar. Og det er uproblematisk så lenge det dreier seg om alkoholfri vin. Men dessverre: mange gjevarar og mottakarar oppfattar ikkje vanleg vin som alkohol, noko som også er med og forsterkar den jamne auken i alkoholbruk som har vore gjennom pensjonistane sine liv, frå ca 3 liter rein alkohol pr person over 15 år i 1950, til ca 5 liter i 2000, og rundt 7 liter i dag.

Alle organisasjonar bør ha i mente at slett ikkje alle er glade for å få alkohol som gåve eller honorar. Nokre ønsker prinsipielt å leve rusfritt, andre har eller har hatt slike erfaringar med alkohol at dei ikkje bør triggast med alkohol. Og vi pensjonistar bør også ha spesielt i mente at alkohol og medisinbruk ofte er ein svært uheldig kombinasjon.

Så derfor bør vi alle ha tenkt skikkeleg gjennom: Kven fortener eigentleg ei flaske vin?

Eivind Hasle
6650 Surnadal

Powered by Labrador CMS