LESERINNLEGG:

Sara Fugledal Wiik, leiar av Jordmorforbundet NSF

Når barnet kjem, er det for seint å diskutere kven som skulle ha våre der

I Surnadal og Rindal finst det berre nokre få jordmødre som har eit ansvar som er heilt avgjerande.

Publisert Sist oppdatert

I fjorten år har desse stått i beredskap for gravide kvinner med opptil to timar reiseveg til næraste fødeavdeling. Dei er på vakt når fødselen startar midt på natta. Dei møter gravide på glatte vintervegar. Dei vurderer om det er forsvarleg å køyre to timar til Trondheim eller SNR på Hjelset, eller om fødselen kjem før ambulansen når fram. Dei følgjer i ambulansen. Dei tek imot barn på kjøkken, bad og langs vegane når tida ikkje strekk til.

For omtrent 65 gravide kvinner i Surnadal og i Rindal kvart år er dei forskjellen mellom å vere aleine på ein to timars biltur og å ha ein erfaren jordmor ved sida si.

Likevel vil Helse Møre og Romsdal seie opp denne livsviktige avtalen.

Fødsel let seg ikkje planlegge. Barn kjem når dei kjem. Nokre kjem raskare enn venta. Nokre kjem med komplikasjonar. Vil vi rokke med å være i verdsklasse på mødre og barn- overleving?

Den nasjonale evalueringa av følgetenesta slår fast at ordninga gir tryggleik, er medisinsk forsvarleg og er viktig for å sikre eit likeverdig fødetilbod uavhengig av kvar i landet du bur. Nasjonal evaluering av følgetjenesten for gravide med lang reisevei til nærmeste fødested 2025 [Nasjonal e...ested 2025 | PDF]

Men saka handlar ikkje berre om fødsel.

Ho handlar om beredskap og bulyst.

Når kommunar over heile landet diskuterer korleis dei skal få folk til å flytte til distrikta, snakkar vi gjerne om bustader, næringsliv og arbeidsplassar. Men kva hjelper det dersom unge familiar opplever at grunnleggjande tryggleik rundt graviditet og fødsel blir svekka?

Kven vil etablere seg ein stad der den næraste fødeavdelinga ligg to timar unna og beredskapen blir meir usikker? I distrikta er helseberedskap avgjerande for distriktspolitikken.

Kven vil flytte til distrikta dersom dei veit at dei kan ende opp med å føde på eiga hand?

Jordmødrene i følgetenesta representerer langt meir enn eit transporttilbod. Dei representerer fagkompetanse, tryggleik og nærvær når livet står på sitt mest sårbare.

Vi snakkar ofte om beredskap når det gjeld brann, politi og ambulanse. Men følgjetenesta er også beredskap. Ei fødsel kan ikkje utsetjast til neste dag. Barn kjem når dei kjem.

Difor må vi slutte å spørje kva følgetenesta kostar.

Vi må begynne å spørje kva det kostar å miste henne?

Kommunestyra i Surnadal og Rindal, helseføretaket og regionale politikarar må saman sikre at denne livsviktige beredskapen ikkje blir svekt, men styrkt for framtida.

For dette handlar ikkje berre om ei teneste. Det handlar om tryggleiken til gravide kvinner, beredskapen i lokalsamfunnet og framtidstrua i distrikta våre.

Skal vi lukkast med å få unge familiar til å busetje seg, arbeide og skape liv i bygdene våre, må vi også vere villige til å investere i tenestene som gjer det trygt å bu her.

Difor er oppmodinga enkel:

Ta vare på jordmødrene. Ta vare på følgetenesta. Ta vare på framtida til Surnadal og Rindal.

Når barnet kjem, er det uansett for seint å byggje opp att beredskapen vi valde å miste.

Sara Fugledal Wiik
Leiar i Jordmorforbundet NSF

Powered by Labrador CMS