LESERINNLEGG:

Småkraftverka som har små negative verknader for naturen er alt bygd
Det er vel ikkje å vente at Styreleiar Lars Emil Berge i Småkraftforeninga er samd med Naturvernforbundet når det gjeld gode og dårlege sider ved energiproduksjonen i Noreg.
At noko er bra berre fordi nokon har bestemt at vi treng uendeleg mykje energi, det er ikkje Naturvernforbundet med på. All kraftproduksjon fører med seg skadar på naturen, anten det er vasskraft, vindkraft, solkraft eller anna kraft.
Dei siste tjue åra er det bygd svært mange småkraftverk. Naturvernforbundet har sett på verknadene av ganske mange av desse. Vi brukte å dele dei inn i tre. Dei småkraftverka som såg ut til å ha relativt små skadeverknader, dei som klart hadde store skadeverknader og ikkje burde byggast og ein rest som måtte vurderast nærare.
Naturvernforbundet rår aldri til å bygge småkraftverk, for småkraftverket som ikkje har negative verknader for naturen finst ikkje. Til dei vi hadde minst problem med sa vi nettopp det. Så gav vi klar melding til dei som hadde for store negative konsekvensar om at dei ikkje måtte byggast.
Det finst framleis eit og anna bekkesikkel som ikkje har eit småkraftverk. Naturvernforbundet har nok den oppfatninga at omtrent alt som kan byggast ut med akseptable konsekvensar alt er bygd ut.
Vi har som kjent berre ein klode, sjølv om vi har eit forbruk som krev 3 klodar. Det er ikkje eit val mellom vind, sol, vatn og andre ting, men om vi snart skal lære oss å seie nei når det ikkje er meir.
Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal