LESERINNLEGG:

Mann i rødrutete skjorte i skogen
Øystein Folden, fylkessekretær i Naturvernforbundet Møre og Romsdal

På tide med ei konsekvensutgreiing

Torskeoppdrettslokalitet Grova i Sunndal har blitt aktuell igjen etter at Mattilsynet sitt avslag er oppheva. Kva no?

Då Ode søkte om konsesjon, blei dei samde med fylkeskommunen om at det ikkje var trong for konsekvensutgreiing. Sidan torskeoppdrett sist var eit aktuelt problem har torsken slutta å rømme. Nøtene har blitt betre. Det er gode vaksiner. Dessutan kan dei ordne så fisken ikkje gyter for tidleg, slik at fisken blir stor nok.

Det er ikkje mange åra som har gått. Den nye torsken rømmer. Her i fylket som ei stor rømming i Volda og ei mindre i Aure. I andre fylke har det også skjedd. Dei nye nøtene var visst ikkje heilt feilfrie, viss det ikkje var dei som bruka nøtene som ikkje var heilt stø.

Den nye torsken blir sjuk. Kor mykje fisk som blei sjuk i Vestnes nyleg har vi ikkje høyrt sagt frå Ode. Mattilsynet var ikkje heilt nøgde med fisehelsa. Ode sa i dei mest hektiske dagane med kverning av daudfisk at dei var størst på torsk. Sjukdomen var litt ny og lite kjent. Uvisst om det smitta på den ville torsken. Mykje som var litt uvisst.

På Ode sitt anlegg i Aure blei det påvist francisella i vinter. Ein sjukdom kjent frå før. Treng ikkje gjere så mykje i kaldt vatn, men når det blir varmare kan smitta bli veldig aktiv. Sjukdomen kan smitte frå vill fisk til tam fisk, eller motsett. Same sjukdom kan vere påvist i eitt av Ode sine anlegg i Nordfjord.

Varmare vatn blei elles nemnt saman med fiskedøden i Vestnes. Vi kan visstnok få ein varmare klode etter kvart, så varmare vatn blir vel gjerne eit større problem. Mogleg det skjer noko med vasstemperaturen når det kjem eit par reviderte kraftverk litt lenger inn i Sunndalsfjorden.

Dette med gyting medan fisken framleis står i sjøen kan føre til at fisk avla for å ete fort og mykje og elles vere dorsk blandar genene sine med den ville torsken. Viss dei som kjem etter oss vil ha sunn og frisk torsk til middag, er ikkje denne genblandinga lovande. Kan hende at dei må ta til takke med tobis i staden.

Korleis det går med laksen og andre marine artar kan ein jo og lure på.

Det er på tide at også torskeoppdrettsnæringa må finne seg i krav slik andre møter. Det er berre å setje i gang prosessen med konsekvensutgreiing viss dei vil ha fleire anlegg.

Øystein Folden
Fylkessekretær, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Powered by Labrador CMS