
Flott messe ved fjorden
- Veret overlet vi til Vårherre! sa arrangørane. Og da bjella kalla saman til gudsteneste på Grendaplassen, skein sola frå blå himmel over Åsskarfjorden.
Festkledde dåpsgjestar og anna kyrkjefolk, langt over hundre i talet, feira dagen saman med prost Vidar Rygh, organist Amund Valde, klokkar Randi Bøe, kyrkjetenar Tor Rune Halset og hans assistent Kay Arne Svensli.
Mange følgde også gudstenesta på kyrkja si TV-sending.

Takkesong og tekster om skaparverk og evangelium gjorde inntrykk - som salmen «Du er mi øy i havet, Gud» av Sverre Hatle. (Ikkje ofte at salmisten sjøl sit i forsamlinga, slik Sverre gjorde denne dagen!)
Dagens preike viste kva det kan bety for menneske i ulike livssituasjonar å koma nær Jesus.

To små jenter vart døypte - Olivia Reiten Bø og Åse Warmøy Meese.
Takkofferet gjekk til prosjekt som Det Norske Misjonsselskap driv i Etiopia og Midt-Austen.
Soknerådet, leia av Eva Jorid Svendsen, la arrangementet fint til rette. Ho og Kari Johanne Aarnes spanderte kaffe og godsaker etter nok ei minnerik messe på den idylliske samlingsplassen ved fjorden.
