Frå Trøen Kammersmusikk

Trøorgel i Trøa

Konserten oppi Trøen fredag kveld inneheldt i tillegg til trøorgel både munnspell, bass, flygel og vokal. Melodiane snirkla seg fram mellom dei ulike instrumenta som veksla på leiing, fram til eit samla lydbilde. Det var Snirkelsong.

Publisert
Vertskapet Ronny Kjøsen og Marit Løfaldli var glade over at dei kunne invitere til konsert på låven sin igjen.

Trøen Kammersmusikk hadde besøk av det dei kalla eit kremlag av trønderske musikarar denne kvelden.

Musikarane som gav oss desse snirkelsongane var Sondre Ferstad med munnspelet sitt og Vegard Lien Bjerkan, trøorgel og flygel, Heidi Skjerve, vokal og Morten Stai med kontrabass.

Dei opna med tre melodiar samanhengande med titlar Ventesong, Traskelåt og Koral, namn som skildra stemninga dei uttrykte.

Konserten heldt fram med leikande melodiar der instrumenta og vokalen til Heidi Skjerve veksla på å lede, for så å sameinast, før dei igjen spreidde seg.

Sondre Ferstad, munnspelvirtous.

Vi fekk inderlege munnspeltonar, faste bassgangar og fyldig liv frå trøorgelet der pulsen låg i pedalane. Dei vokale innslaga var frå Heidi Skjerve, men også frå Sondre Ferstad.

Heidi Skjerve hadde også innslag av plystring i ei avdeling, før ho gjekk over til ein, for meg, heilt ny type strupesong med lydar langt nede frå halsen! Dette vart forklara med ein tekstdel om ord, visdomsord, gode ord, vonde ord, lærde ord vakre, vidunderlege ord og kvar desse orda held til i hovudet vårt - i munnhola, biholene, over og under tunga.

Det kom ubeskrivelege lydar og uferdige ord frå Heidi.
- Nei, orda kjem ikkje lett! - Og så kom alt ut, som ikkje skulle ha komme ut, for så å runde det heile av med mjuke melodiske tonar frå alle kjeldene.

Så strauk bassen igang eit nytt nummer - nydeleg vandring i djupe fyldige tonar og lyse diskanttonar. Vokal, munnspel og orgel følgde på i samme vare stemning.

Så kom trollet inn! Stampande på golvplankane, bass-kroppen og orgeltreverket. Musikarane snirkla seg så tilbake til den rolege innleiande stemninga. Trollet var temt.

Songtekstene vi fekk høre denne kvelden var frå Heidi Skjerve og Maren Barlien.

Konserten vart avslutta med to kveldssongar, først ein for dei små, så ein for dei store, - fine, roande godnattviser!

Musikarar klar til konsert oppi Trøen.

I tillegg til god musikk kunne publikum kose seg med god bakst frå Gardsbakeriet Hæmstelt.

Powered by Labrador CMS