ANNONSE:

Nils Vogt og Kim Haugen i "Tvillingene"

Tvillingene

Teatret Vårt med forviklingskomedie av Shakespeare på Surnadal kulturhus torsdag 3. november kl 19.

Det blir mykje moro når to sett med sjarmerande einegga tvillingar, spelt av radarparet Nils Vogt og Kim Haugen, prøver å finne seg sjølv. Slik vi jo alle gjer. Tvillingene er ein komedie om kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn.

Eit skipbrot skil to tvillingpar frå kvarandre. Det viser seg at begge tvillingpara oppheld seg på same stad under like namn, noko som skaper både forvirring og en slags gryande glede hos kona til ein av dei. Eit sirkus av misforståingar og komiske situasjonar utspelar seg før forvekslingane kan oppklarast. Tvillingane er ein morosam leik med teater og Shakespeare; mest til glede og litt til ettertanke.

Vi feirar 50-årsjubileum med ein ny versjon av den aller første framsyninga Teatret Vårt sette opp. Regissør Kjetil Bang-Hansen har børsta støv av manuset frå 1972 og flytta det til vår tid. Aktørar frå den opphavelege framsyninga saman med nye krefter utgjer eit stjernelag som saman inviterer inn til ei jubileumsforestilling med latter, gøyale sprell og gjensynsglede!

Billetter kan kjøpes på Surnadal kulturhus si hjemmeside.

Powered by Labrador CMS