FRa en teaterforestiling. Barne i musekostymer, en nisse, og teskjekjerringa,
Ein spent gjeng oppi grautskåla til julenissen!

Julestemning i Storstuå

Fredag 24. november hadde Teatret Vårt gjort om Storstuå på kulturhuset i Surnadal til huset til Teskjekjerringa og gubben. Salen fyltes opp med spente barn og vaksne klare for å få fart på julestemninga.

Publisert

Teatret vårt kjem rett frå forestilling i Sunndal, og skal vidare til Kristiansund, Molde, Ålesund og Ulsteinvik. Dei har ein juletradisjon med juleforestilling i november og desember, og dette er det fjerde året dei sett opp Julekveld med Teskjekjerringa.

Vi tok ein prat med regissør og skodespelar i rollen som Teskjekjerringa, Kjersti Sandal. Ho fortel at dette er første året ho sjølv er med og spelar ein rolle i denne forestillinga. – Det har vore litt krevande å ha to rollar, men no kjenner eg stykket så godt, at det går bra å spele ein rolle og samtidig ha eit blikk over det andre som skjer litt utanfrå, seier Sandal.

Fra et teaterstykke. Teskjekjerringa.
Kjersti Sandal er regissør og spelar teskjekjerringa i forestillinga.

Alf Prøysen sine historier om Teskjekjerringa er godt kjende for barn og vaksne, og dei blei svært godt tekne i mot av salen. Skodespelarane fekk ofte publikum til å bli med ved å til dømes rope heiarop eller blåse pepparkaker ned frå kjøkkenbenken.

I Teatret vårt sin versjon av Teskjekjerringa fekk vi ei forteljing der Teskjekjerringa skulle gjere klart til jul, mens gubben helst ville delta på juletreatlon, finne den største julegrana, og vinne gratis marsipan. Teskjekjerringa hadde mykje å gjere, og med jounalisten frå lokalavisa rett utafor vindauget, klar til å avsløre ho, blei ho så oppkava at ho blei lita som ei teskje. Da møtte ho både mus, kattungar og nissar.

Fra ei teaterforetilling. Teskjekjerringa møter en nisse.
Fra ei teaterforetilling. Teskjekjerringa. Flere mus som kaster på en ostebit.
Fra ei teaterforetilling. Teskjekjerringa og ei forskrekka dame.
Fra ei teaterforetilling. Mannen til Teskjekjerringa, Teskjekjerringa og ei jente foran kjøkkenbenken.

Barna i forestillinga kjem frå Noise danseklubb i Molde, og fekk vist fram både danse- og skodespelartalent under fredagens forestilling. Den imponerande scenografien er det Leiko Fuseya som har laga. Forestillinga var full av humor, spenning og god stemning som traff både barn og vaksne. Morosamt for heile familien!

Det blei eit godt gjensyn med Teskjekjerringa og fleire gode julelåter frå Alf Prøysen, og for mange i Surnadal blei denne kvelden starten på førjulstida.

Skuespillere på scenen etter forestillinga. Fra Teskjekjerringa med Teateret Vårt.
Skodespelarane tek imot ein velfortjent applaus.
Mye folk i en teatersal.
Mange barn og vaksne var til stades under fredagens forestilling.
Powered by Labrador CMS