UKM Fylkesfestivalen er i gang
- sjå streaming fra framsyningane
Denne veka blir UKM Fylkesfestival arrangert i Kristiansund. Tre deltakarar frå Surnadal er med i kategorien for musikk, og framsyningane blir streama.
Framsyning 1 startar kl 13 tysdag, og her deltek Tore Flostrand Skei. Ulrik Akrim er med i framsyning 2, som startar tysdag kl 19. Onsdag kl 13 startar framsyning 3, der bandet Silent er med.
Framsyningane blir streama på UKM sine nettsider.
Siv Torvik, som er dagleg leiar i Surnadal frivilligsentral, er med på turen til Kristiansund. Ho fortel at fylkesfestivalen vart opna av ordføraren i Kristiansund og fylkesordføraren på Normoria mandag. Dei av deltakarene som ikkje deltek med kunst danna UKM-koret, som framførte to låter på opninga. Kunstutstillinga vart opna med sprudlande drikke (Mozell), og etter dette vart det speedfriending i Festiviteten.
Bildeserie: