Jubileumsfeiring med gåvedryss
Fredag ettermiddag inviterte SpareBank 1 SMN til jubileumsfeiring utanfor kontoret sitt på Skei.
Her vart det markert med kaffe, blautkake og hornmusikk, og mange kom for å vere med på feiringa.
Banksjef Nordmøre i SpareBank 1 SMN, Berit Skralthaug, ønskte alle velkomne til jubileumsfeiringa for å markere at det var tjue år sidan banken opna kontoret sitt i Surnadal.
Nypan var med på opninga i 2006
Da SpareBank 1 etablerte seg i Surnadal i 2006 overtok dei lokala som Fokus bank hadde på Skei. Banken hadde i starten tre tilsette, kunne Arne Nypan fortelje. Han var med på opninga den gongen, og kunne nesten ikkje tru det allereie hadde gått 20 år.
Bakgrunnen for at SpareBank 1 SMN etablerte seg i Surnadal, var at Romsdal Fellesbank vart ein del av banken, og at ein såg på Surnadal som ein spanande marknad.
I dag er banken eit finanshus med 12 fast tilsette. I tillegg til bank er Regnskapshuset Surnadal og EiendomsMegler 1 integrert i finanshuset på Skei.
Gåvedryss til (SKUV) og Surnadal Hornmusikk
Vanlegvis er det jubilanten som får gåver, men når ein bank jubilerer er det ofte den som gjev gåvene til andre, og slik også under jubileet til SpareBank 1 SMN.
Surnadal Konseptutvikling (SKUV) fekk ein gåvesjekk på kroner 150.000 kroner, noko leiar i SKUV, Øystein H. Bondhus, var særs takknemleg for.
Pengane skal gå til produksjon under Midtsommar i Surnadal i juni.
– Midlane øremerkast lyd, lys og scene. Dette gjer at vi kan skape meir liv og røre for surnadalingane, sa Bondhus.
– Vi er enormt takknemlege for gaven, la han til.
Surnadal Hornmusikk var den andre gåvemottakaren under jubileumsfeiringa. Dei fekk 40.000 kroner.
– Dette var stas, og betyr utrolig mye for oss, sa ei skikkeleg overraska Ragna Mauset, som er leiar i Surnadal Hornmusikk.
– Dette betyr at vi blir sett pris på, og det gjer kjempegodt, la ho til.
Ordføraren overrekte blomster
Ordførar Hugo Pedersen overrekte blomster til jubilanten frå Surnadal kommune. Han sa at dette var ei av dei beste vekene han hadde hatt som ordførar, der han hadde delteke på fleire jubileum.
– Vi trenger slike som dykk i Surnadal, og at det er fleire bankar er sunt for konkurransen, sa Pedersen i si helsing til jubilanten.
Han utfordra til slutt hornmusikken til å spele bursdagssongen, noko dei gjorde på strak arm!
Video: Bjørn Gunnar Ansnes