Formannskapsmøte i Surnadal

Tre personer i et møte.
Ordførar Hugo Pedersen, varaordførar Annett Ranes, og kommunedirektør Lars Inge Kvande på talarstolen.

Kunstnarfamilen Sand får kjøpe Todalen skule

Formannskapet i Surnadal hadde møte onsdag kveld. Der vedtok dei mellom anna å selje Todalen skule til kunstnarfamilien Sand, med Vebjørn Sand og Aune Sand i fremste rekke. Familien Sand ønsker å drive både kulturarbeid og næring med utgangspunkt i det tidlegare skulebygget.

Publisert Sist oppdatert

Sjå saksdokumenta til møtet på Surnadal kommune si heimeside.

Kjent kunstnarfamilie

Ei av sakene på sakslista gjaldt sal av gamle Todalen skule. I saksframlegget står det at kunstnarfamilien Sand, med Vebjørn Sand og Aune Sand i fremste rekke, har meldt seg interessert i å kjøpe eigedomen. 

Familien Sand har ønske om å kjøpe både «skuleeigedomen» og «barnehageeigedomen». Om det ikkje let seg gjere, ligg det føre eit ønske om å få ein forkjøpsrett om å kjøpe «barnehageeigedomen», og så kunne leige denne eigedomen fram til eit eventuelt sal, heiter det i saksframlegget frå kommunedirektøren.

Aune Sand, som viser frem et bilde malt av Marianne Aulie. Fra hans pop-up-utstilling i Rindal næringspark i oktober fjor.

Kulturarbeid og næring

Vidare står det at familien Sand/Aulie gjennom fleire tiår har vist kunst både nasjonalt og internasjonalt. Dei tenkjer å kunne drive både kulturarbeid og næring med utgangspunkt i Todalen skule. 

Sand meiner skulebygget er eit svært godt utgangspunkt for visning av kunst innomhus, og ein skulpturpark utandørs. Dei ønsker å byggje særeigne rom for utleie til publikum, designa av kunstnarane, med særleg vekt på gjenbruk av materialar. Familien Sand ønsker å kunne utvikle og jobbe med kunst frå Todalen, og slik kunne etablere eit atelier på Todalen skule. Dei ser også for seg å kunne etablere rammeproduksjon for kunst i skulebygget, samt nytte bygget til lager/oppbevaring av ferdig kunst. 

I samarbeid med Arve Evensen er det også planer om å etablere ein urmakarverkstad i bygget. Evensen er utdanna urmakermeister i fjerde generasjon, og har lang historie med både butikkar og verkstader på Austlandet. Bestefar hans var kongen sin urmakar, og familien er godt kjent innanfor faget. I samarbeid med familien Sand vil dei i nær framtid lansere eigne klokker med kunst på urskiva. 

I samband med både rammeverkstaden og urmakerverkstaden ser familien Sand for seg at det vil bli behov for arbeidskraft, og slik vil eit kjøp av skulen også bidra til å skape nye arbeidsplassar.

Sel berre skuletomta, med forkjøpsrett på barnehagen

Kommunedirektøren anbefalte i si innstilling at formannskapet vedtek å selje Todalen skule til familien Sand eller assosiert eigedomsselskap. Salssum blir sett til kr 1, og andre omkostningar som gjeld salet skal betalast av kjøpar. 

Vidare foreslo kommunedirektøren at «oppvekst-området» blir delt i to brukseiningar, der «skuletomta» omfattar eit areal på 3602.7 m2. «Barnehagetomta», med resterande areal som inkluderer blant annet barnehagen, ballbingen og parkering, blir framleis kommunal eigedom. Den nye eigaren av Todalen skule får forkjøpsrett til å kjøpe Todalen barnehage iht. takst, dersom det blir aktuelt. 

Dersom Surnadal kommune ikkje har kome med eit konkret alternativ bruk av barnehageeigedomen innan utgangen av 2027, får eigar av skuleeigedomen tiltre forkjøpsretten iht. takst. Kommunedirektør blir gjeve fullmakt til å gjennomføre handelen.

Kommunedirektøren si innstilling vart einstemmig vedteke. 

Stort rødt trebygg med snø rundt. Fjell i bakgrunnen
Todalen skule.

Støtte til Todalen Meieri AS

Det var óg ei anna sak frå Todalen på saklista i dette møtet. Todalen Meieri AS har søkt kommunen om støtte til oppskalering av produksjonen. 

I saksframlegget står det at søknaden kjem i samband med at meieriet tek i bruk eit nytt meierilokale i Utigarden på Kvendset i Todalen. Verksemda har fram til no produsert rømme, ferskostkuler, myse og ulike typar yoghurt frå kjøkkenet heime på garden, og er no i ferd med å skalere opp produksjonen for å nå eit større marknadspotensial. 

I samband med oppskaleringa tek bedrifta i bruk eit nytt ystekar (700 liter), ny kokegryte og utstyr for produksjon av fastostar, gamalost og mølsgraut. Selskapet viser til omfattande investeringar i inventar, ysteutstyr og utviklingsarbeid, samt eit betydeleg innslag av eigen arbeidsinnsats.

Med bakgrunn i støtteberettiga kostnadsgrunnlag, tidlegare praksis i liknande saker, type bransje, marknad og produkt, samt potensiale rundt talet på framtidige arbeidsplassar tilrådde kommunedirektøren ,ut frå ei samla vurdering, ei støtte på kr 50.000,- til Todalen Meieri AS, som blir belasta næringsfondet og utbetalt mot dokumenterte kostnader.

Kommuedirektøren si innstilling vart einstemmig vedteke.

--

Trollheimsporten kjem med meir frå denne formannskapsmøtet etter kvart.

Sjå heile møtet i opptak på Kommune-TV:

Powered by Labrador CMS