Formannskapsmøte i Surnadal
Vedtok innstilling om økonomi- og handlingsplan til kommunestyret
Onsdag kveld hadde formannskapet i Surnadal møte. Formannskapet si innstilling til økonomi - og handlingsplan 2026 - 2029 har vore ute på høyring, og formannskapet vedtok nokre tilleggsforslag i innstilling til kommunestyremøtet torsdag.
Sjå saksdokumenta til møtet på Surnadal kommune si heimeside. Her finn ein og vedtaka frå møtet.
Formannskapet si innstilling i saka om økonomi - og handlingsplan 2026-2029 har vore ute på høyring, og det har kome inn nokre høyringsinnspel.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande la fram saka for formannskapet. Han viste mellom anna ei oversikt over den forventa resultatutviklinga i perioden 2026 - 2029, slik det ser ut akkurat no. Kommunen har eit udekka meirforbruk frå 2024 på 17,7 millionar kroner. I tillegg ser det no ut til at det kan bli ei utdekka meirforbruk på om lag 19 millionar kroner i 2025. Da er det ikkje lenger mogleg å unngå ROBEK. Det er svært sannsynleg at kommunen blir innmeldt i ROBEK tidleg i 2026. Statsforvaltaren krev da at det udekka meirforbruket må dekkast inn i løpet av maksimalt fire år. Ut frå resultatoversikta som kommunedirektøren viste skal det vere mogleg å dekke inn det siste av meirforbruket i 2028.
Det vart ein lang diskusjon med mange innlegg i denne saka i formannskapsmøtet.
Arbeiderpartiet foreslo mellom anna å ta ut helsehuset frå budsjettet for 2026 og frå økonomiplana for 2026-2029. Dette ville ikkje dei andre partiene være med på. Dette forslaget fall dermed med 3 mot 6 stemmer.
Fleire tilleggsforslag vart vedteke. Sjå oversikt over vedtak på Surnadal kommune si heimeside.
Kommunestyret tek opp denne saka torsdag 18. desember.
Kommunestyremøtet blir som vanleg sendt direkte på Kommune-TV.
Sjå heile formannskapsmøtet i opptak på Kommune-TV: