Konsertsuksess i Trøa

Da den første kammerskonserten vart opna med Bruremarsj av Ronny Kjøsen i uthuset til Trøa, som ligg i Løfald, Rindal, var lokalet fylt av eit forventningsfylt publikum. Det var sikkert like mange frå nabobygder som frå Rindal.

Publisert Sist oppdatert

Vi fekk oppleve halvannan time med variert musikk, sprelsk framført av Trio no Treble og Ronny Kjøsen. Marit Løfaldli stod for vokale innslag akkompagnert av trioen og av Ronny Kjøsen på flygel.

Namnet "Trio no Treble" betyr "trio utan diskant." Det sørga trekkspelet og Marit for.

Musikken varierte frå 2. sats av Beethovens 7. symfoni, via norsk folkemusikk til Waltzing Matilda!

Den siste hadde nokså spesielt arrangement, starta nærmast salmeprega før spasen tok skikkeleg av. Og sneik det seg ikkje inn ei diskantstrofe her?

Her har vi musikarar som deler ut godt humør, og det viste publikum å sette pris på. Musikarane fekk ståande applaus mot slutten, før dei gav ekstranummer.

Ronny Kjøsen erstatta knappespelet med einrader, eit enkelt trekkspel frå 1820-talet med to akkordar. Det var først bruka for å stemme orgel, kunne ha fortelle. Seinare spelte damer fra middelklassen i Paris einrader. Til Norge kom den visstnok med toget, - jernbanebyggarane hadde den med seg.

Eg tykte tydeleg eg høyrde fleire rader da Ronny gav oss polsen «Leken hass Odd» frå Rørostraktene. Tonane flaut i alle fall ut til oss. I lag med trioen vart det fyldig orkestermusikk.

Marit Løfaldli framførte «Litle fuglen» slik ho hadde lært den av far sin. Ronny Kjøsen gav tonefølgje på flygelet, og vi høyrde tydeleg den vesle fuglen.

Ein bussjåfør og amatørfotograf fekk sin hyllest av Ronny. Celloen førte an i melodien «Åt’n Øystein». Det høyrdes ut som det var godt skiføre og god gli på skaunakjølen den dagen.

Vi fekk også høyre melodien «Julottan» av Mats Wallmann, medan maisnøen dalte ned utafor. Det er første melodien Ronny Kjøsen spelte i lag med Trio no Treble, og vi finn den på juleplata til trioen.

No dreg dei på miniturné i lag til Røros og Oslo, før dei skal spele i Åsskard kyrkje etter dugnaden mandag 9. mai.

Jørn Bjørnås vann kveldens selfie i lag med Trio no Treble, etter å ha gjetta at det var «Czardas» av Vittorio Monti trioen spela. Utruleg at dei kom likt i mål på dette kvikke musikkstykket!

Heilt til slutt song Marit Løfaldli salmen «Akk, mon min vei til Kanaan» etter Marits oldemor Guri Romundstad, som har lært den av onnafolk frå Grip. Nedafor høyrer du litt av den.

Les meir på Trollheimsporten om kva som skal foregå i regi av "Trøen Kammersmusikk"!

Alle foto: Ole Trygve Foseide.

Powered by Labrador CMS