Pressemelding fra Surnadal kommune:

Kommuneoverlege Bjørn Buan

Lokale ringverknader av utbrot med meir smittsam virusvariant i Trondheim

Publisert

Ved fleire handelssenter i Trondheim er det nyleg påvist spreidde utbrot med den meir smittsame virusvarianten frå Storbritannia. Dette har ført til ekstra strenge smitteverntiltak i Trondheim med meir bruk av karantene som verkemiddel.

To husstandar i karantene

To husstandar i Surnadal er i karantene som følge av desse tiltaka. I tillegg har ein norsk gjestearbeidar gjennomgått karanteneopphald i Surnadal, men utan at det vart påvist smitte. Vedkommande er no sjekka ut.

Surnadal kommune følger opp personar i karantene med testing og kartlegging av mulege smittesituasjonar for å oppretthalde kontroll over situasjonen.

Anbefaler innbyggarane å unngå reiser til Trondheim, Østlandet og Bergen som ikkje er strengt nødvendige

Kommuneleiinga legg stor vekt på å unngå i det lengste å få utbrot med muterte og meir smittsame koronavirus i kommunen. Difor oppfordrar vi innbyggarane til å handle lokalt og til å unngå reiser til Trondheim, Østlandet og Bergen som ikkje er strengt nødvendige.

Dette gjeld inntil utbrota er under kontroll.

Powered by Labrador CMS