Surnadal kommune melder:

Registrer positiv hurtigtest

Meld inn positiv hurtigtest til Surnadal kommune digitalt

No kan du melde oss om positiv hurtigtest på nett. Helsedirektoratet har godkjend det digitale systemet ReMin til dette formålet. Det er enkelt å bruke. Du loggar inn med BankID for å registrere positive prøvesvar for deg sjølv eller eigne barn.

Du kan også registrere nærkontakter og merke av om desse har kjende risikofaktorar (helsepersonell, underliggande sjukdom, alder osb). Dette gjer det enklare å prioritere ei eventuell smittesporing der dette er aktuelt. Du treng ikkje ringe for å varsle.

Informasjonen du oppgir er underlagt sikker databehandling og går kun til kommunens smittesporing.

Klikk på lenken under for å melde frå om positiv hurtigtest:

MELD INN POSITIV HURTIGTEST TIL KOMMUNEN

Dersom du ikkje er digital brukar eller manglar fødselsnummer til den det gjeld, kan du melde frå om positiv hurtigtest til kommunen på telefon:

  • Kommuneoverlege Bjørn Buan: Telefon 905 62 814 eller til
  • Einingsleiar Helse og familie Gunn Bredesen: Telefon 481 22 549

Ved positiv hurtigtest skal du følge reglane for isolasjon. Les meir om reglar for testing og karantene på kommunens nettsider eller på helsenorge.no


Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS