Surnadal kommune melder:

Nye koronatiltak; kommunehuset stengt for uanmeldt besøk

I tråd med nasjonale tiltak og påbod, har kommunedirektøren i dag innført tiltak med stengte dører for uanmeldt besøk på Surnadal kommunehus.

Kommunehuset stengt for uanmeldt besøk

Kommunedirektøren har beslutta å stenge dørene for uanmeldt besøk på Surnadal kommunehus frå og med i dag.

Det er innført strenge nasjonale tiltak for å førebygge og bremse smittespreiing. Påbod om utstrekt bruk av heimekontor gjer at mange av våre saksbehandlarar no ikkje befinn seg på kommunehuset. Henvendelsar frå innbyggarane våre bør difor i størst muleg grad skje digitalt. Ved behov for fysisk oppmøte er dette likevel muleg dersom ein gjer avtale om dette med aktuell saksbehandlar på førehand.

Henting av hurtigtestar på kommunehuset

Personar som skal hente hurtigtest på kommunehuset må ringe kommunens sentralbord for utlevering og henting på utsida i opningstida mellom kl. 09.00 - 15.00. Vi kjem med meir informasjon om bestilling og henting av hurtigtestar ved redusert opningstid under jul/nyttår.

Powered by Labrador CMS