Pressemelding frå Surnadal kommune:

To nye PCR-testpositive i Surnadal

Oppdatering av smittestatus med reiseråd vedrørande Trondheim.

Oppdatering frå kommuneoverlege Bjørn Buan

Kommuneoverlegen fekk seint i går kveld melding om to nye PCR-testpositive i Surnadal.

Det eine smittetilfellet er ei kvinne tilsett i skuleverket, som er smitta gjennom kjent smitteveg frå Trondheim.

Det andre smittetilfellet er ein mannleg handverkar som er smitta i forlenging av utbrotet i Midtigrenda barnnehage.

Båe hadde testa positivt på hurtigtest og var i ventekarantene da PCR- testresultatet vart kjent. Det er kontroll på vidare forgrening av smitten.

Totalt er det per i dag påvist 14 PCR- bekrefta smitta i november i Surnadal.

Råd om å begrense besøksreiser til Trondheim

Sidan kommunen no opplever fleire samtidige importsmittetilfelle frå Trondheim, vil kommunen henstille til å begrense besøksreiser til og frå byen.

Med vennleg helsing
Kommuneoverlege Bjørn Buan

Powered by Labrador CMS