Flere blide personer oppstilt foran alterret i ei kirke.
Artistane gjorde stor gratisinnsats for flygelsaka: Henning Sommerro, Martin Pihl Strand, Hedda Hansen Berg, Sigrid Vetleseter Bøe, Sigve Holten, Johanne Holten og Karianne Holten.

Flygel skal bli!

Publisert

 

Folk vil ha flygel i Øye kyrkje. I alle fall kom mange betalande til støttekonserten søndag.

Leia av ein blidspent Henning Sommerro vart det eit program for kvar smak. Sjøl heldt han seg mest til det verbale, men hans ubetalege improvisasjonar over «No vil vi søng» var verd tusenvis av flygelkroner åleine.

Orgelpiper på et kirkeorgel.
Og skjult bak orgelpipene laga Henning ein uhøyrt og storslått fantasi over Gammelklokkarens «No vil vi søng».

Den klassiske fråhaldsvisa av klokkarlegenden Ole Øye vart sungen, rytme-nynna og gjort til ein liten orgelfantasi som både overraska og imponerte alle. Ikkje minst var det ei oppleving for Gammelklokkaren sine amerikanske etterkomarar i salen.

Kreativ musikkfamilie

Dei tre søskena Holten - Johanne (song og piano), Karianne (song, trompet og gitar) og Sigve (gitar og bass) - gav fine og sjarmerande bidrag til flygelkonserten – delvis med pianisten Martin Pihl Strand på laget.

En ung gutt og to unge jenter synger og spiller gitar, bass og trompet i ei kirke.
Dei kreative Holten-søskena i aksjon saman med Martin bak pianoet.

Mellom låtene var «Blå salme» (Erik Bye og Henning Sommerro), Johanne sin eigen gripande «Allvæg fått hært» - som ho gav ut på 18-årsdagen sin nyleg - og Hyldbakk-teksten «Livet og kallet», tonesett av pappa Per Holten. Når søstrene i tillegg gav oss ein uttrykksfull variant av Frode Alnæs sin «Vitae lux», er det grunn til skikkeleg applaus for den musikalske familien.

Ofte ligg tonane mesta ferdige!

Henning, som alltid strør om seg med nye, interessante tankar og fakta, kunne fortelje at Alnæs laga denne perla medan han var «surndaling» (elev på folkehøgskulen), inspirert av julesalmen «Det hev ei rosa sprunge»

– Likskapen med salmen fortel noko om at mykje musikk ofte berre kan «ligge der» i ei eller anna erindring, sa Henning. 

– Sjølv har eg «stole» mesta alle tonane mine på den måten! spissformulerte han, og song eit spontant eksempel på at endatil Vårsøg-melodien hans hadde eitt og anna å likjast på!

«Autumn Leaves» - og «Oktober 1977» 

Blant lovande unge talent er også pianisten Martin Pihl Strand, elev av Hedda Hansen Berg på Atlanten i Kristiansund. Martin let oss høre «Arietta» av Grieg, sitt eige smakfulle arrangement av ein folketone etter Magnhild Almhjell frå Tingvoll og eit jazzprega «Autumn Leaves» av Joseph Kosma. 

Nettopp haustlauv var det som opna heile konsertkvelden – ved at Hedda Hansen Berg intonerte og Sigrid Bøe Vetleseter Bøe song «Lauvfall» av Hyldbakk og Sommerro. 

– Den einaste songen eg samarbeidde med Hans om, sa Henning. 

– Hans kalla diktet for «Oktober 1977», men eg fekk ovetala han til å bruke tittelen «Lauvfall». (Så veit vi det og!) 

Musikalsk byggverk til krevande operaparti

Hedda Hansen Berg er – som mange pianistar - ofte gjømt (og kanskje urettferdig glømt?) bak instrumentet. Men for ein musikar! Frå dei varaste Lauvfall-klemt til dei sværaste orkester-transkripsjonar skaper ho klingande fundament og musikalsk byggverk som, eksempelvis denne gongen, operasongar Sigrid kan utfalde seg i.

To smilende damer med hver sin blomsterbukett.
Hedda og Sigrid følgjest åt – bokstavleg tala «både høgt og lågt»!

Attåt «Lauvfall» let Hedda og Sigrid oss høre Bjørnstads «Sommernatt ved fjorden», ein arie frå «La Boheme» (Puccini) og den svære opningsarien frå «Macbeth» (Verdi og Shakespeare), ein opera som Sigrid nettopp har gjort i Sverige. 

Som far hennar vil eg ikkje bedømme songprestasjonen i Øye-kyrkja. Men objektivt sett er Lady Macbeth rekna blant dei mest krevande operaparti som finst. I tolkninga av maktbegjær, stolthet og blodig død treng ei songjente frå Bøfjorden full kontroll over heile stemmeregisteret frå koloratursopran til alt - pluss kontaktskapande fakter som skuespelar. 

Leif Otto Frønes orienterte om det komande flygelkjøpet - som kveldens fjølmente publikum gav litt av startkapitalen til.

Powered by Labrador CMS