Vårsøghelga 2021:

Erik fekk Kleivaprisen

Erik L Moen er vinnaren av Kleivaprisen 2021.

Prisvinnar Erik L Moen skildrast i juryen si grunngjeving som ein tradisjonsberar og ein inspirator, og som ei klippe og ein person som har lagt grunnlaget for livslang musikkglede for mange.

Publisert Sist oppdatert

Vêrgudane har for alvor spelt på lag med Laget Vårsøg i samband med årets utgåve av Vårsøghelga, og solskinet laga ei glitrande ramme for Kleivakvelden laurdag kveld.

Fast punkt på Kleivakveld-programmet er utdeling av Kleivaprisen, Surnadal kommune sin kulturpris.

Prisen for 2021, som vart delt ut av fylkeskulturdirektør Heidi-Iren Wedlog Olsen, gjekk til Erik L Moen.

Grunngjevinga frå juryen, Kleivastyret, var slik:

"Kleivaprisen har vore utdelt sidan 1998, alltid på Kleivakvelden! Men i fjor vart den ubrotne rekka med å dele ut prisen her oppe på Kleivakongen sitt sete, brote. Da vart prisen delt ut ein annan stad i Vårsøglandet. Da måtte Kleivakveld inn i Storstua på kulturhuset. Det var riktig nok i starten av pandemien, men hovudårsaka til at Kleivakvelden vart flytta inn var at; her vi sit i sola i dag - låg det tjukt med snø i fjor, slik er livet!

Kleivaprisen er Surnadal kommune sin kulturpris, men den har utspring i arven etter Hans Hyldbakk.

Hyldbakk visste godt kva han ville fondet skulle brukast til. I statuttane står det at fondet skal fremme kulturelle og lokalhistoriske føremål, - unntatt fotball og stjerneidrett.

Så til årets prisvinnar:

Det er ein person som har vore aktivt med i frivillig arbeid sidan ungdommen. Prisvinnaren er ein tradisjonsberar og ein inspirator. Prisvinnaren er beskrive som ei klippe og ein person som har lagt grunnlaget for livslang musikkglede for mange. Prisvinnaren er framleis aktiv som korsongar, musikar og entusiastisk korpsdeltakar.

Om prisvinnaren har det vore sagt: «Vi veit ikkje kva ende vi skal starte i når vi skal liste opp det «prisvinnaren» har gjort av frivillig innsats. Vi får seie at lista er uuttømmeleg».

I denne lista finn vi mellom anna dansemusikaren, korsongaren, kyrkjeklokkeringaren, forsongaren, teknikaren, korps-dirigenten, -læraren, -materialforvaltar, han har vore med i korpset i over 50 år! I eit sitat frå eit av forslagbreva, står det: «Han har med eit utrøtteleg tålmod og ei oppriktig glede over det som blir prestert av lyd, undervist dei små musikantane.»

Han har eit engasjementet som strekkjer seg lang utover sitt nærområde både innanfor frivillig arbeid men og innanfor sitt engasjement med økologisk landbruk og miljø.

Tradisjonsberaren kjem tydeleg fram i det arbeidet som, i sin tid, vart lagt ned på Røsta setra i Vindøldalen. Han og familien dreiv setring med mjølkekyr på Røsta som dei siste her i kommunen. Han var med og ga mange unge ei innføring i den gamle seterkulturen med mat- og dyrestell.

For ein god del år sidan tok prisvinnaren initiativ til å merke den gamle kløvvegen frå Holtamoan til Vindøldalen. Der går det no ein årleg turmarsj. Den er med på å halde både kulturhistoria og stien ved like og da er det servering av både tradisjonskost og musikk på Røst’n. Røsta setra og den årlege friluftsgudstenesta er òg godt besøkt, og da er det Erik som trekkjer i trådane.

Gratulerer med Kleivaprisen til Erik L Moen."

Trollheimsporten kjem tilbake med meir frå arrangementet på Kleiva.

Powered by Labrador CMS