Pressemelding:

Jenny Klinge

Ikkje nok med skryt av ferjepolitikk

– Vi i Senterpartiet har i alle år kjempa for billigare ferje og hurtigbåt, og no har også Frp og andre begynt å lova billigare billettar. Men det er ikkje nok berre å skryte av dette, vi må faktisk ha forpliktande vedtak i Stortinget, seier Jenny Klinge, stortingsrepresentant for Senterpartiet.

Publisert Sist oppdatert

Transport- og kommunikasjonskomiteen avga nyleg innstilling om ferjeforslaget frå Senterpartiet om å reformere finansieringa av ferje- og hurtigbåttilbodet. Utan støtte frå verken regjeringspartia, Frp, Ap eller SV fekk ikkje Senterpartiet fleirtal for nokon av framlegga sine i komiteen, dermed får partiet heller ikkje fleirtal i Stortinget når saka skal opp den 20/4.

Både Klinge, som er førstekandidat på lista til Senterpartiet i Møre og Romsdal til haustens stortingsval, og tredjekandidat Per Ivar Lied meiner at Frp ikkje har noko truverdigheit i ferjepolitikken.

– Eit gedigent ferjeopprør var resultatet etter at Frp hadde sitte seks år i regjering med ansvar for både finans- og samferdselspolitikken. Dei hadde alle moglegheiter til å gjera noko med billettprisane då, seier Lied.

– Ferjeopprøret kom fordi Frp i regjering ikkje gjorde noko medan dei hadde sjansen. Tvert imot auka ferjeprisane mykje med Frp i regjering.

Lied fortel at Senterpartiet vil starte med å gi gratis ferje og hurtigbåt til samfunn utan vegsamband til fastlandet og vurdere dette til ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg.

– Om ikkje alt blir gratis med ein gong, må billettprisane uansett ned. Og vi meiner det må innførast ein nasjonal makspris for pendlarar som er avhengige av ferje- og hurtigbåttilbodet, seier han.

Klinge legg vekt på at Frp ikkje har gjort framlegg om å gjera ferjene gratis.

– Frp har i staden gjort framlegg om at regjeringa skal leggje fram forslag om dette til neste år. Når Frp har hatt ansvaret for alle statsbudsjett sidan 2013 utan å gjera noko, er det grunn til å tru at det er dei sterke meiningsmålingane for Senterpartiet som gjer at Frp no plutseleg begynner å tala mot sentralisering og for billigare ferje. Eg meiner veljarane slik sett gjer ein veldig god jobb med å løfte viktige saker og få fleire parti til å seie at dei vil gjera som oss i Senterpartiet. Ein skal ikkje undervurdere det politiske påtrykket som blir skapt på den måten, seier Klinge.

– Men for at vi skal få fleirtal for viktige saker på Stortinget, trengst det eit nytt stortingsfleirtal med Senterpartiet i regjering, seier ho. - Eg har veldig lyst til å få med meg både Per Ivar Lied og andrekandidat Geir Inge Lien på Stortinget til hausten. Det vil innebera at vi går frå ein representant til tre representantar frå Senterpartiet i Møre og Romsdal. Då har vi godt grunnlag for å få stoppa sentraliseringa og legge til rette for meir utviklinga i heile fylket.

Powered by Labrador CMS