Personer og trefigurer poserer på en gangvei ved et skihoppanlegg.
Verdensrekord.

Reisebrev frå veteran-VM i hopp, Planica 2026

Publisert Sist oppdatert

Her kjem eit aldri så lite reisebrev frå VM i hopp for eldre ungdom, eller veteran-VM som det òg kallas. Det blei arrangert i Planica, som kanskje har det flottaste hoppanlegget i verda, og har pr. no verdensrekorden i skiflyging. Veteran-VM har vore arrangert sidan 1990, kvart år både sommar og vinter. Dessverre har antal deltagarar gått ned betrakteleg på desse åra. Før kunne det være fleire hundre eldre ungdom som deltok, medan no er det rundt 60... Dei aller fleste frå Noreg. Vi får håpa på betre rekrutering i åra framover!

Reisende med skiutstyr og bagasje i en flyplassterminal.
Litt styr med nesten3 meter lange ski.
Skihoppanlegg med flere bakker i en skogkledd åsside under en overskyet himmel.
Flotte bakkar i Planica!

Reisefølgje på seks frå Trøndelag kom fram til Planica sundagskvelden, fem dagar før første konkurranse, så det blei god tid til både treningshopping og sightseeing. Vèret var strålande med sol og rundt 30 grader, så det var ikkje særskilt behageleg å gå rundt i hoppdress og hjelm… Men vi fekk gjort nokre hopp av varierande kvalitet før tevlinga starta. Men det viktagste på desse turane er ikkje nødvendigvis lang-hopping, for god mat og drikke i sosiale lag tel vel så mykje! Og det vart det mykje av!

To personer med sportsutstyr ved trebygninger i et grønt fjellandskap.
God gli må til!
Tre personer med ski foran en skihoppbakke omgitt av skog og gress.
Karstein, Stig og Frode.
Tre skiutøvere står sammen på en gressbane foran fjell.
Trenar Tom Erik Bjerkengen kjem med gode råd!
To skiutøvere med hjelmer og startnummer står foran en grønn konkurransearena.
På toppen av lille-bakken K45.
Mennesker med norske flagg ved et gjerde foran grønne marker og fjell.
Solid heia-gjeng frå Norge!
Person sitter ved en vannsklie mens vann sprutes over banen i solskinn.
VMs eldste Jan Willy Oskal.
Tre skihoppere i blå drakter foran en skihoppbakke.
Etter endt konkurranse.
Bratt skinnegang i et grønt alpelandskap med to personer til høyre.
På toppen av skiflygingsbakken!

Torsdag vart det såpass med regn-vèr at vi tok oss ein biltur til Kranj, ein liten times tur frå, Kranjska Gora. Der besøkte vi fabrikken til ski- og bindingsprodusenten Slatnar. Der fekk vi handla oss litt delar til binding og ski. Etterpå fòr vi til syfabrikken kor dei syr hoppdressar, og både Frode, Jan Willy og Rolf fekk sydd nye dressar! Og det var sjølvaste verdenmester Peter Prevc som tok mål av gutane! Artig oppleving! Dressane vart levert i bakken dagen etter! God service!

To eldre menn undersøker varer blant butikkhyller.
Rolf og Jan Willy har gjort ein god handel.
To personer øver sammen i et lyst rom, mens en tredje person står i forgrunnen.
Sjølvaste Peter Prevc tek mål av Frode, slik at nydressen sit som eit skot.

Seinare samme dag hadde været letna, og vi tok ein biltur til Tarvisio i Italia og køyrde fjellvegen derifrå tilbake til Kranjska Gora. Det var ein fantastisk tur opp fjellsida med over femti hårnålssvingar og høgste punktet låg på rundt 1700 m.o.h! Imponerende veg-standard og mektig natur! Turen anbefalast!

Seks personer poserer foran høye fjell og en grønn dal i solskinn.
Frå bilturen i dei Sylvanske alpane. F.v. Stig Viken, Jan Willy Oskal, Karstein Mauset, Frode Hermo, Rolf Markussen og Marianne Wennevik.
Turkis fjellvann med utsiktstårn, skog og spisse fjell i bakgrunnen.
Ved Kranjska Gora.

I konkurransane hoppas det i tre forskjellige bakkar, 45-meter, 60-meter og 90-metersbakke og kvar deltakar for velgje to bakkar å delta i. Vi valgte å delta i dei to minste bakkane, då vi tykkjer at 90-meteren er største laget! Enno… Kanskje seinare eingong! Det var fire av oss i reisefølgje som skulle delta; underteikna i klassen 50-59år, Stig Viken, 50-59 år, Frode Hermo, 65-69år og eldstemann i VM, Jan Willy Oskal hoppet i klassen 80- 90 år(!) Rolf Markussen var òg med og skulle eigentleg hoppa i same klasse som Jan Willy, men ein skade satte han på sidelinja denne gongen. Kona til Frode, Marianne, som er sykepleier, var til god hjelp når vi trong råd og tips til pleie av såre knær og krokete ryggar.

To personer med norsk flagg og ski feirer foran en hoppbakke.
Pallplass på Stig!
To menn med medaljer foran en grønn hoppbakke i fjellandskap.
Stig og Frode med medaljefangsten.
To personer ved foten av grønne sommerhoppbakker med blå skilt og skog i bakgrunnen.
VMs to eldste! Pallen fra K60.
Gruppe mennesker står på rekke i et mørkt arrangementsområde med scenelys.
Den norske troppen.

Når det gjeld medaljefangst, vart det magert for underteikna, men Stig fikk både sølv og bronse, Frode fikk bronse, og Jan Willy fikk to sølv, så vi var godt fornøgd med innsatsen. Ikkje minst berre for å ikkje å ha skada oss på nokon måte! Ein seier i seg sjølv, det!

No er det berre å leggja seg i hardtrening til neste VM!

Med beste helsing
Karstein Mauset
Rindal Flygarlag

 

Powered by Labrador CMS