ANNONSE:

Tre damer som står rundt ei lita bru laga av tre.
NY KLOPP: Jorun Kraft Mo har fått med seg nevøen Tore Mo, funne høvelege furuer i skogen på Vang og vist korleis dei laga ei klopp (bru) tidlegare. Her er Jorun saman med intativtakar Anita Land og kunstnarisk leiar Brit Dyrnes.

Postveg og gullmaskin på familiedag

Gammel historie og ny kultur blir blanda i Stangvik fredag 28. juli. Familiedagen knytt til Den Trondhjemske postvei byr på ein fin tur, på nye verk av seks lokale kunstnarar og på ein indianar.

Det er stort spenn i dei nye kunstverka: frå ei klopp til ei gullmaskin og ein kjærleiksbenk. Klokka 12 fredag 28. juli oppfordrer arrangørene folk å ta turen fra Vang til Stangvik. Klokka 14 opner både utstillinga i Galleriet i Bondehuset og familiedagen, der det også blir marknad og matsal.

Ei dame som sitter på huk ved sida av ei geit som ligger i høyet. Dama holder et skolebrød i den ene handa.
MAT OG DYR: Monica Moen Kvendset frå Lia gard kjem med bakverk og dyr.

Medlemmar frå Stangvik Historielag vil vere med på turen frå Vang og svarer på spørsmål. Initiativtakar og leiar av arrangørkomiteen, Anita Land, vil halde ei kort orientering på Vang.

Det er mange historier knytt til Den Trondhjemske postvei, som vart vedteken i 1775. Strekninga frå Vang til Stangvik vart opna i 1840. I dag er denne delen av postvegen blitt ein populær turveg.

– Det er fint å både sykle og gå vegen, så om nokon vil ta med sykkel er dei velkomne, seier Anita Land.

Alle som kjem, vil få postkort som dei kan sende. Postkorta er laga av dei fem kunstnarane som deltek: Jorun Kraft Mo, Brit Dyrnes, Jørgen Moe, Toril Redalen, Yngvild Sæter og Siri Skjerve.

– Vi har laga eige stempel for dagen, og vil sørge for at korta blir sendt om nokon vil skrive til kjente og kjære. Vi har også sikra oss at sjølvaste postmeisteren kjem, forsikrar Anita Land.

Flere barn med fargerike fjær på hodet ved en indianer-tipi med illustrasjoner av hester utenpå.
HØVDING: Sigbjørn Børset tek med seg tipien og gode historier om indianarkulturen.

I tillegg til kunstutstilling, kjem «indianaren» Sigbjørn Børset med tipien sin, det blir lirekassespel, frimerkeutstilling og sal av smykke og sjeldne frimerke.

Dei som ikkje vil ta turen frå Vang først, er velkomne til Bondehuset i Stangvik på utstillingsopning, matsal og marknad klokka to.

Prosjektet «Kunst og kulturformidling langs Den Trondhjemske postvei» er eit samarbeid mellom Stangvik Grendalag og Stangvik Historielag, og er støtta av Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal kommune og Sparebankstiftelsen Surnadal. Les meir om postvegen her: https://postvei.no/



Powered by Labrador CMS