Surnadal kommune melder:

Logoen til Surnadal kommune

Influensa- og korona­vaksinering hausten 2026

Surnadal kommune tilbyr influensa- og koronavaksine til personar i risikogruppene 9., 10. og 11. november. Du må bestille time på førehand. Timebestilling i HelsaMi opnar i veke 42.

Kven får tilbod om vaksine?

Det kommunale vaksinasjonstilbodet gjeld personar som er i risikogruppene for influensa og korona.

Dette omfattar alle 65 år og eldre, og andre som tilhøyrer risikogruppene.

Personar som ikkje er i risikogruppene, kan ta kontakt med apotek dersom dei ønskjer influensavaksine.

Bestill time i HelsaMi

Timebestilling i HelsaMi opnar i veke 42 (f.o.m. måndag 12. oktober).

Slik bestiller du:

  1. Opne HelsaMi-appen

  2. Gå til menyen og vel «Bestill time»

  3. Vel Surnadal kommune

  4. Vel fagområdet «Helsestasjon»

  5. Fyll ut informasjonen du blir spurd om

  6. Vel tidspunkt for vaksinering

Frå måndag 2. november kan du også bestille time ved å sende SMS eller ringe 913 79 001.

Bestiller du med SMS, må du oppgi:

  • namn

  • fødselsdato

  • kva vaksine du ønskjer

Tid og stad

Helsestasjonen ved kommunehuset på Skei

Vaksineringa går føre seg:

Måndag 9. november, tysdag 10. november og onsdag 11. november, mellom kl. 09.00 og 15.00.

Hugs å bestille time før du møter.

Ha på klede med erme som er enkle å brette opp. Er du sjuk, skal du ikkje møte til vaksinering.

Pris

  • Influensavaksine: 310 kroner

  • Koronavaksine: 110 kroner

  • Influensa- og koronavaksine samtidig: 395 kroner

Du kan betale med kort eller Vipps.

Tilbod om pneumokokkvaksine

Personar som er fødde i 1960 og 1961, får tilbod om pneumokokkvaksine på helsestasjonen.

Pris: 110 kroner.

Andre som ønskjer eller har spørsmål om pneumokokkvaksine, må ta kontakt med fastlegen sin.

Vel møtt til oppsett time!

Informasjonen er henta frå Surnadal kommune si heimeside.

Powered by Labrador CMS