Borghild Talgø, Hubertine Roebroek og Ida Bochkon gleder seg til førjulstida på Hageland.

I startgropa på ei travel førjulstid

Publisert

På Hageland Surnadal er det sesongstart på jula komande torsdag – da opnar alle hagesentera i Hagelandkjeda i heile Noreg. - Det er nemleg to travle periodar på Hageland kvart å – det er «våronna» som går frå april til juli og så er det «jul-onna» som går frå starten på november og fram til jul.

– I dei to periodane er det stor tilstrøyming av kundar og det er da vi har mesteparten av omsetninga vår, seier Borghild Talgø og Hubertine Roebroek når vi treffer dei på Hageland.

No er det full fart på Hageland, og mykje arbeid med å få fram julevarene og julepynten som er komen i hus i løpet av den siste månaden.

I mellomtida har dei rydda ut sommarvarene – hagemøblar og hagereiskap og ikkje minst sommarblomster, busker og trær og mykje anna varer som høyrer sommaren til. I vintermånadane er det berre den oppvarma delen av Hagelandbutikken som blir bruka, og akkurat no er det den siste finpussen som går føre seg med juleutstillingane – så er alt klart.

– Torsdag er det premiere, og da ventar vi mykje kundar som kjem for å sjå utstillingane og nytte seg av dei mange gode tilboda vi har. Da gjer vi litt ekstra ut av det, med utvida opningstid til kl 20. Da sørger vi også for litt traktering og gjer det litt triveleg både for oss sjølve og for kundane, seier Borghild og Hubertine, som gler seg til denne kvelden.

BILDESERIE FRÅ JULEBUTIKKEN:

Powered by Labrador CMS