En prest på talerstolen i ei kirke. Mye folk på kirkebenkene.
I alt åtti var samla i gudstenesta. Vidar Rygh tala om «gode stabbesteinar» i preika si.

Godt kyrkjebesøk i Todalen

Publisert Sist oppdatert

Todalen er vel det minste kyrkjesoknet på Nordmøre. Men oppslutninga om aktivitene er betre enn dei fleste andre stadene.

Søndag var nye og jubilerande konfirmantar i fokus, og Vesle Aksel vart døypt. Prost Vidar Wilhelmsen Rygh leia gudstenesta. Gudmund Husby og Sverre Hatle las tekster, og med ei dyktig korgruppe tona salmar og korsatsar inderleg og mektig.

Autovern er godt å ha

Stilfull prosesjon opna den høgtidelege samlinga. Tekster frå både bibel og salmebok tok for seg Guds miskunn som ideal for våre liv. I preika bruka Rygh biletet av autovern (stabbesteinar) som uttrykk for at Gud vil halde oss på vegen mot vårt rette mål.

Nye og jubilerande konfirmantar

Vinterens fem konfirmantar - Eline, Selma, Nicole, Markus og Sivert - vart av prosten presenterte på ein frisk og munter måte, med sitat frå eigne tips om hobbyar og særinteresser. (Som frilans konfirmantlærar kan også underskrivne gi god attest til desse fem og til medkonfirmantane deira i Stangvik og Åsskard.)

Tre jenter og en gutt, unge tenåringer, oppstilt foran alteret i kirka. Presten står bak dem.
Vinterens konfirmantar – frå venstre Sivert, Selma, Nicole, Markus og Eline - vart presenterte for kyrkjefolket.

Også i 1973 var det fem konfirmantar i Todalen. Tre av desse - Bjørg, Ingrid og Ann Ingeborg – vart tekne imot av soknerådsleiar Kristian Gjeldnes. Seinare på dagen var det samling på Todalshytta i regi av soknerådet, og der dukka det sikkert opp mange minne frå «prestskulen» hos Karl Jacobsen.

Tre damer og en mann foran alteret i kirka.
Kristian Gjeldnes helsa dei tre 1973-jubilantane Ann Ingeborg, Bjørg og Ingrid.

Korsong og streaming

Som «offertorium» og postludium i kyrkja song todalsgruppa i koret P17 utdrag frå «Elias» (Var stilla i Gud) og «Paulus» (Eg takkar deg) – begge av Mendelssohn.

Rundt åtti deltok i gudstenesta. Og med god teknisk innsats av Vidar Rygh og kyrkjetenar Arnt Erik Otnes vart ho også sendt via TV-nett (streama) til sjåarar i inn- og utland.

 

 

Powered by Labrador CMS