En prest står og leser sammen med noen barn i et forsamlingshus
Juleevangeliet vart framført som veksellesing.

Advent på grendahuset

Søndagens årvisse adventsgudsteneste på Nordvik forsamlingshus vart ei vakker stund i førejulstida.

Publisert

Mange unge medliturgar var saman med prest Torbjørn Brøske. Dei las dikt, bibeltekster og bøner og tente dei tre adventslysa som hører dagen til.

I preika sa presten at det var godt Jesus kom som vår lillebror og ikkje var ein sterk, farleg «storebror».

En prest som står foran en forsamling i et julepyntet forsamlingshus.
Torbjørn prest skildra Jesus som vår gode lillebror.

Torbjørn sette også julebodskapen i kontrast til det som no skjer i området vi hører om i jula. For første gong sidan 300-talet er no eldste kyrkja i verda, Fødselskyrkja i Betlehem, stengt – som følgje av krig og hat.

På forsamlingshuset tona det friskt frå dei frammøtte: «Nå tennes tusen julelys», «Kling no klokka» og andre songar som høyrer tida til.

Det er verdt å merke seg at grendene inviterer til slike samlingar. Nordvik Grendalag er flinke til å skapa hygge og stemning i det 112 år gamle forsamlingshuset sitt.

Saman med soknerådet sørga dei også for kos ved kaffebordet etter gudstenesta.

Flere barn som tenner adventslys i et forsamlingshus.
Unge nordvikgardingar las tekster og tente adventslys.
En prest som står sammen med flere barn.
Hovudaktørane samla etter den fine gudstenesta. Vel fortent applaus!

 

 

 

 

Powered by Labrador CMS