LESERINNLEGG:

Porttettbilde av Frank Sve (Frp)
Frank Sve (Frp)

Todalsfjordkryssinga sin tur!

I ei tid har administrasjonen i fylket slett ikkje skubba på dette prosjektet og heller ønske om milliardbeløp til andre prosjekt som aldri har vore prioitert.

– Dette aksepterar ikkje verken eg eller fleirtalet med FrP, Høgre , KrF og Venstre, der planlegginga av Todalsfjordkryssinga no skal gjennomførast fullverdig og skikkeleg og med stødig framdrift.

 Todalsfjordkryssinga som prosjekt har no fått dei millionane dei behøver for å gjennomføre nødvendig reguleringsarbeide. Det er kun ved å gjennomføre dette at ein kan få muligheita til å faktisk få vite rimeleg sikkert kva byggjekostnadane blir, der prognoser og anslag blir kvalitetsikra for prosjektet.

Enkelte hevder at Todalsfjordkryssinga blir for dyr og ikkje lar seg finansiere. Det same høyrde vi ang andre større vegprosjekt her i fylket, som etter realisering har vist seg overhode ikkje å være fakta.

Todalsfjordkryssinga er eg sikker på er realiserbar, men både kommunane og lokalt næringsliv osv må trå til med dei økonomiske tilskot som er mogeleg å få løyvd til prosjektet.

Vi har bevist at fylket klarer å bygge slike vegprosjekt, der Nordøyvegen er eit godt døme på dette. Det manga ikkje med «dommedagsteorier» ang dette vegprosjektet, men skammelig feil tok dei alle.

Nordøyvegen gjekk med 200 mill kr i mindreforbruk, og Deloitte som er eit svært kompetent internasjonalt selskapet som har oppdrag for både Norges bank og oljefondet, konkluderte i eigen rapport til fylkestinget at Møre og Romsdal Fylke årleg sparer 40 million kr kontra fortsatt ferjedrift til Nordøyane. Dette er fakta som ingen kjem seg ifrå, og fakta som garantert vil gjelde også for Todalsfjordkryssinga vil eg meine.

Når planleggingsarbeidet er klart vil vi gå vidare med prosjektering og ei avklaring med regjeringa om ferjeavløysingsmidlane og anna finansiering.

– Eg har god tru på at dette skal vi få til, og når eg bit meg fast i bordkanten ang slike prosjekt, brukar eg sjelden sleppe taket før prosjektet er ferdig.

Eg og FrP holder det vi lova i valgkampen, og vi skal kjempe for Nordmøre og dette vegprosjektet vidare både i fylkestinget og på Stortinget!

Eg vil samtidig nytte høvet til å få ønske alle ei riktig god jul og eit godt nytt år!

 

Mvh

Frank Sve
Medlem i transport og kommunikasjonskomiteen
Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal FrP
Gruppeleiar for Møre og Romsdal FrP sin fylkestingsgruppe.

Powered by Labrador CMS