LESERINNLEGG:
Er samferdselsmidler til Møre og Romsdal, kun = Møreaksen?
– Møreaksenklanen forsøker å framsette påstandar om at anten får Møreaksen alle samferdselsmidlane eller så får ingen, og pengane havner på Austlandet, så greinalaust at det rett og slett gjer vondt.
At nokon kan meine dette og såleis framvise så grunnleggjande kompetanseløyse er nå ein ting, men å bevise dette gong etter gong, i innlegg etter innlegg, er nesten ubegripelig.
I Møre og Romsdal er fleire milliardprosjekt så og seie byggeklare og langt framme i kampen om budsjettmidlar.
Voldatunellen og E-39 forbi Batnfjorden er to slike prosjekt, som relativt raskt kan kome inn i regjeringa sine budsjett framover og igangsettes utbygd. Stad skipstunnelen det same. Prosjekter til samla kostnad på godt over 10 milliard kroner.
RV15 Strynefjellet med arm til Geiranger likeså, eit prosjekt som ligger i tre fylker som no er kostnadsrekna til 9 milliard kr, og fleire milliard kr i berre i vårt fylke. Prosjektet er vedteke av Stortinget, og Statens vegvesen er i full gang med detaljplanlegging/prosjektering.
E-136 som Nye veier as har ansvaret for frå Vestnes til Bjorli, får ikkje sett igang fleire delstrekningar pga manglande finansiering og det forhold at Nye veier as også no får ansvaret for drift av vegane dei bygg.
Skal fleire prosjekt kunne prioriterast, samt kunne overføre resten av E-136 frå Ålesund til Vestnes også til Nye veier as, må Nye veier as årlig få auka sine løyvingar i dei årlige statsbudsjett med mange milliard kr.
Dette er eit prioritert område for FrP, der vi har lagt inn kraftig oppfinansiering i våre alternative statsbudsjett.
På RV70 er der også fleire delprosjekt som relativt raskt kan settast igang.
E-39 Solevågseidet-Blindheim til Moa må inn på NTP og planlegges raskt. Her er det nødvendig med millionar av kr årlig i løyvingar frå statsbudsjettet til dette.
Som sikkert dei som ynskjer å forstå dette veit, er samferdselsutbygging finansiert i dei årlige Statsbudsjett, og slett ikkje på andre måtar.
Enkelte trur at NTP liksom er synonymt med økonomisk løyvingar, slik er det altså slett ikkje.
Der ligg mange prosjekt i fyrste 6 års perioden i både Statens vegvesen og Nye veier as sin portefølje som ikkje er oppstarta enda.
Dette betyr i klartekst;
– Pengar som IKKJE blir løyvd over dei årlige statsbudsjett til Møreaksen, kan sjølvsagt løyvast i dei årlige statsbudsjett til andre faktiske prioriterte prosjekt her i vårt fylket
Det som også ER FAKTA,
- blir mange titals milliard kr sløsa vekk på Møreaksen, kan IKKJE desse midlane brukast fleire gongar, og vil i så fall medføre at ingen andre samferdselsprosjekt her i fylket får ei kr dei neste 10-20 åra.
Direkte svada om at dersom Møreaksen og prosjektet del 1 på Molde ikkje får 10-15 milliard kr, så reiser pengane til austlandet er så hinsides at dette kan Møreaksenklanen ikkje tru på sjølve ein gong.
Dette har ingen verdens ting med fogderikamp å gjere, derimot er det "Møreaksenklanen" som skapar fogderistrid, ved å kreve alle samferdselsmidlane til EiT prosjekt Møreaksen, og gjev blaffen i resten av fylket.
- ønsker folket i heile Møre og Romsdal dette?
Mvh
Frank Sve
Transportkomitéen
Stortingsrepresentant for Møre og Romsdal FrP