Slo serieleiaren på bortebane:

Lagbilde Surnadal G19 etter 8-0-seieren over Averøykameratene i nest siste serierunde.

Sikra den viktige 3. plassen

Med ein sterk 4-3-seier borte mot serieleiar CFK/KFK, sikra Surnadal G19 seg plass i sluttspelet om kretsmeisterskap.

Publisert

Det vart spennande då Surnadal sitt juniorlag på gutesida fredag tok turen til Kristiansund for å måle krefter med Clausenengen/Kristiansund. Kristiansundarane hadde vunne fire av dei fem kampane sine så langt i år.

Og premissane var klare før det som var siste seriekamp i den innleiande delen av 2020-sesongen: med seier ville Surnadal sikre tredjeplassen, med uavgjort eller tap var dei avhengig av KBK-hjelp mot Frei.

Og det å kapre tredjeplassen var spesielt viktig for G19 akkurat i år. Topp 3 i avdelinga på Nordmøre skal nemleg møte topp 3 frå romsdalsavdelinga til sluttspel.

Ei topp 3-plassering ville dermed forlenge sesongen til surnadalingane med fem kampar - ein fjerdeplass ville bety plass i eit plasseringsspel med berre tre kampar.

Som om ikkje det, og bortekamp mot serieleiarane, var nok til å skape spenning:

Dei to kampane, CFK/KFK-Surnadal og KBK-Frei, vart attpåtil spelt på henhaldsvis KFK-banen og Kristiansund stadion, som bokstaveleg talt berre er eit steinkast unna kvarandre.

Målfattig før pause - målrikt etter

Og det var seiersvante kristiansundarar som kom best i gang på KFK-banen. Etter eit kvarter tok dei leiinga 1-0, og det skulle vise seg å bli den einaste gongen publikum fekk høyre nettsus før pause.

Mangel på nettsus vart derimot slett ikkje noko problem i løpet av eit snaut kvarter litt ut i andre omgang:

Etter 55 minutt utlikna Vegard Gjul, då han ekspederte ei flott bakromspasning signert Kristoffer Bersås i mål.

Gjul starta dagens kamp på venstrekanten av ein farleg angrepstrio som i tillegg bestod av Sander Landsem Kattem og Lasse Vaseng Hansen.

Tre minutt etter kvitteringa sette midtstoppar Martin Bolme Fjerstad ein retur i mål etter eit hjørnespark, og dermed stod det 1-2 på KFK-banen.

Også denne gongen vart det ny scoring etter tre minutt, men dessverre for Surnadal var det heimelaget som fann nettmaskene. 2-2 etter 61 minutt.

Vegard Gjul hadde, nærmast som vanleg, meir på lager, og etter 65 minutt sette han inn 3-2 til Surnadal, med sitt åttande mål på seks kampar denne sesongen.

I og med at Gjul si scoring kom etter 65 minutt, hadde ein plutseleg gått bort frå trenden med mål kvart tredje minutt.

Årets første borteseier

Det ville ikkje Viljar Fiske Kvande ha noko av. Etter 68 minutt dunka han difor eit frispark rett i mål til 4-2 til bortelaget - indreløparen si niande scoring for sesongen.

Med det avslutta Kvande samtidig ein scoringsbonanza som hadde gjeve ikkje mindre enn fem mål på 13 minutt.

CFK/KFK reduserte til 3-4 to minutt på overtid, men kunne ikkje hindre at Surnadal, styrt frå sida av Sondre Ormset og Andreas Dalsegg Sæter, tok sin første borteseier for året.

Når KBK i tillegg vann 3-2 over Frei, sikra Surnadal dermed 3. plassen med god margin.

Trykk her for å sjå tabellen.

Surnadal stilte slik:

John Magne Våbenø

Ruben Lysø
Lars Gjøra
Martin Bolme Fjerstad
Tore Bæverfjord

Vegard Dønnem
Edvard Bolme Fjerstad
Viljar Fiske Kvande

Lasse Vaseng Hansen
Sander Landsem Kattem
Vegard Gjul

Jonas Jordet Bergem
Kristoffer Bersås
Lars Arne Lesund
Mohamed Osama Hussain


Powered by Labrador CMS