Rindal-Strindheim 2 fredag kveld:

Rindal tapte heime mot serieleiar Strindheim 2 fredag.

Positivt, tap til tross

Heimelaget tok fredag kveld imot Strindheim 2 til kamp i herrenes 5.divisjon. Gjestane var ubeseira så langt i sesongen, men heimelaget gav dei gule og blå hard kamp. Kampen blei spelt på ei flott grasmatte på Skogsletta i låg haustsol.

Publisert

1.omgang starta riktignok med eit hardkjør mot heimelagets mål og allereie etter vel to minuttars spel låg ballen i nota bak keeper Anders Grytbakk. Etter rundt ti minuttars spel fekk Roy Bolme sjansen til å utlikna, etter eit gjennomspel av Steinar Møller, men skotet fann ikkje vegen til nettmaskane.

Berre to minuttar seinare fekk gjestane stå heilt aleine framom heimelagets mål og nesten uforstyrra setta inn 0 – 2.

Akkurat då såg det stygt ut for dei raudkvite, men litt mot spelet, fekk Matias Furuhaug sjansen til å utlikna på eit gjennomspel, og Furuhaug svikta ikkje! 1 – 2.

Matias Furuhaug reduserar til 1-2.

Etter dette kjempa heimelaget seg inn i kampen og klarte å forstyrra eit velspelande Strindheim såpass at dei tok over initiativet i kampen.

Roy Bolme var nære på å utlikna i det 21. speleminutt, etter eit vakkert gjennomspel av Torstein Heggem, men ballen gjekk rett på bortelagets burvaktar.

Heimelaget fortsette det gode spelet, men omgangen ebba ut med 2 – 1 til bortelaget.

I 2. omgangen fauk heimelaget ut av startblokkane og produserte sjansar på løpande band og allereie etter eitpar minutts spel fekk Torstein Heggem ein stor sjanse, men sette ballen utanfor frå ca 15 meters hald.

Rett etter fekk Sander Kattem muligheiten, då han skar inn frå sin venstre kant og skaut mot nærmaste stolpe, men keeperen fekk avverga. Like etterpå var Roy Bolme frampå med eit kanonskot, men tverrliggaren var i vegen! Fin prestasjon!

Roy Bolme fyrar kanonen!

Kattem fekk ein ny sjanse berre minuttet seinare, og denne gongen sette han ballen i nota via stonga! 2-2!

Heimelaget fortsette å jaga leiarmålet, men i staden var Steinar Heggset uheldig og laga straffe etter at han vart treft i handa av ballen innanfor sekstenmeteren. Straffen vart sett i mål og gjestane gjekk opp i 3-2 leiing. Lufta gjekk litt ut av kampen etter dette,men heimelaget ga aldri opp!

Til tross for at gjestane nesten ikkje skapte sjansar mot eit godt rindalsforsvar, så klarte dei å putte på eit til i sluttminuttane og fastsette dermed resultatet til 2- 4.

Sjølv om det blei tap så kan heimelaget vere rimeleg nøgde med kampen, for dette var svært underhaldande fotball! Det er utruleg høgt nivå på 5.divisjon og mange gode lag, men fortsett heimelaget i same spor som i kveld, så kan det bli artigt utover hausten!

Det er vanskeleg å peike ut heimelagets beste denne kampen, men Torstein Heggem og Sondre Aune var solide. Aune fungerte godt i midtstopparrollen. Pluss i margen for unge Oddvar Børset òg! Stort back-spel av ein 16-åring!

Rindal IL – Strindheim2 2 -4

Rindals lag:

Anders Grytbakk, Sondre Aune, Jørgen Gjerstad, Steinar Heggset, Oddvar Børset, Steinar Møller, Torstein Heggem, Daniel Eide, Jarl O. Myklegard, Mathias Furuhaug, Roy Bolme.

Benytta innbyttarar: Sander Kattem, Jostein Landsem, Lars A. Møkkelgård

Torstein Heggem i duell.
Powered by Labrador CMS