Fjellgruppa Surnadal pensjonistlag:

Vindfullt på Austre Tussan, 729 moh.

Tur til Tussan

Publisert

Fjellgruppetur til Tussan 30. mai

Vi, 21 spreke pensjonistar, starta turen frå Haugaskaret og gjekk den svært så bratte lia opp til austre Tussan. Då det bles så kraftig, kom vi fort til at det vart nok å bestige ein av dei tre toppane på Tussan.

På turen opp møtte vi tre spreke personar som alt hadde vore på austre Tussan, og dei rådde oss og til å nøye oss med ein fjelltopp på denne vindfulle dagen og med delvis blaut og sleip sti.

Men opphaldsver og god sikt hadde vi på heile turen, så det vart ein fin og svært så triveleg tur.

Neste fjellgruppetur går til Bølia, fredag 9.juni. ( Merk; altså ikkje på tysdag denne gongen!)

Vi møtest på parkeringsplassen nedafor Øye Kyrkje kl.10.00. Så får vi håpe på stort oppmøte og fin tur!

Ein av fjellets prydbuskar.
Opp vårgrøne lier.
Utsyn over Skålvikfjorden
Liten pust i bakken.
Stupbratt mot toppen.
Tussan sine tre fjelltoppar.
Lite grønt høgt til fjells.
Austre Tussan med Skålvikfjorden og Vinjefjorden bak.
Alle 21 spreke til topps.
Matpause i ly på toppen.
Siste rest av vinter.
Turen ned att same vegen går lett.
Powered by Labrador CMS