Fjellgruppa:

Til Vindøldalen og Breiskarsetra

Publisert

I dag gjekk turen til vakre Vindøldalen!

Vi var litt i tvil, men Fjellgruppa trossa vermeldinga og køyrde til den kanskje finaste fjelldalen vår. Heldigvis var ikkje vergudane meir trongan enn at dei heldt seg heilt til vi var attende til bilane.

Startar vandringa frå Stormyra inni Vindøldalen.

Vi fylgde den gamle kløvstigen fra Kjerringenga, var nedom Stortoilla og lura på kor gammel den er, før vi fortsette til Teigasetra og etter kvart til Breiskarsetra.

Passerer ei koseleg hytte oppi lia.
Interessant å høyre historia til Kjerringenga.
Fem damer må til for å nå rundt Breiskarstolla.
Breiskarstolla med omkrins 470 cm.
Alle vert små attmed Breiskarstolla.

Der var det ein orm som hadde gått ut av sitt gode skinn, så det tok vi med oss.

Vi benka oss omkring på vollen med maten vår, men diverre låg skoddehuva nedpå så vi fekk ikkje det utsynet vi hadde gledd oss på.

Ein liten kvil verd Nedre Breiskarsetra.
Matpause på Øvre Breiskarsetra.
Mange gamle namnespiler på Øvre Breiskarsetra.
Heile turfølgjet på 27 på Øvre Breiskarsetra.
Høyløe på Øvre Breiskarsetra.

Gjekk vidare etter turstigen bort til Breiskarbekken, som er stor grunna snøsmelting enda. Det er ei imponerande kløft som bekken renn i!

Vakkert og variert langs Breiskarsbekken.
Mange spesielle toller og gaddar i Vindøldalen.
Ein heilt spesiell gadd.

Alle 27 kom vel nedatt til brua over bekken, der vi vart samde om at siste turen i vårsesongen går til Vardfjellet øvst i Bøverdalen torsdag neste veke (30.juni)

Nede på Vindølsdalsvegen og enda ein kaffirast.
Takk for fin tur med trivelege folk.
Powered by Labrador CMS