Fjellgruppetur til Duvåsen
Målet for tirsdagens tur var Duvåsen med sine master på toppen. Åsen som alle som fer forbi på bygdavegen opp eller ned dalen kan sjå. Etter 3 km oppover Folldalsvegen frå Kvammen ligg Bjønnsleet med parkeringsplass som er eit fint utgangspunkt for turar sommar som vinter.
Stien går i lett skog og myrterreng som bar preg av dei siste dagars regn og etter besøket av Amy i haust. Humøret var på topp og nista smaka godt sjølv om skodda kom og snøyt oss for det meste av den fine utsikta frå toppen.
Tirsdag 29. september er siste turdag for denne sesongen. Da blir det anten til Svarrafjellet eller Damvatnet alt etter veret.
-