Pensjonistforbundet Surnadal
Fjellgruppa i Pensjonistforbundet til Storhaugen
Storhaugen i Todalen var tysdagens mål for Fjellgruppa. Frå parkeringsplassen ved Todalshytta, eller Phillips House som den engelske lakselorden Ethelbert Lort Phillips fekk bygd i 1899, fulgte vi skogsveg og merka stier. Siste stykket opp gikk gjennom gran- og furuskog som var prega av stormen Amys herjingar sist haust. Nokon hadde lagt ned ein stor innsats med å rydde rotvelter som låg i kryss og ters over stien.
På toppen vart det inntaking av niste og nyting av utsikta til breibygda, fjord, fjell og mektig natur før det bar ned etter ein traktorveg ved Bjøråa ned til bygdevegen og fulgte nyslått sti ved elva attende til Bruset og Todalshytta.
Dette var siste turen før ferien. Takk til alle deltakarar for følget denne vårsesongen og vel møtt til nye turar når haustsesongen startar 4.august.
God sommar!