Fjellgruppa i Pensjonistforbundet Surnadal

På tur til Haraldhøtta
Fjellgruppa i pensjonistforbundet Surnadal starta tursesongen tysdag denne veka, med ein tur til Igltjønna og Haraldhøtta i Rindal.
Første turen for sesongen starta med plaskregn da deltakarar møtte opp på parkeringsplassen nedafor Øye-kyrkja denne tysdagen. Værvarsla vart granska nøye medan vi såg at det lysna meir og meir opp i øverbygda.
Igltjønna og lett skydekke med glimt av blå himmel og med Grønligardanae i horisonten tok i mot ein firbeint og 22 tobeinte. Tjønna låg der blank og innbydande. To toppdykkarar i jakt etter mat braut overflata for å trekkje luft ønske oss god tur da vi gikk forbi. Turen gjekk på sørsida av Tjønna etter nettverk med fint opparbeida stiar og skogvegar opp til Haraldhytta. Fint og lett turterreng som var ukjent for dei fleste deltakarane. Nedatt gjekk vi etter stiar som kom ned på nordsida av tjønna og det var ein rudtur. Takk til kjentmann Odd Inge som orienterte og fortalte!









