to barn ved en sløyebord med fisk på
Knut Finborud Reigstad vann klassen for lengste fisk.

Trivelig «fiskesommar», men fisken kom ikkje!

Publisert

Torsdag kveld inviterte Fiskeutvalget i Surnadal Jeger- og Fiskerforening (SJFF) til «fiskesommar» på Nordvik. Målgruppa for sjølve fiskekonkurransen var barn og unge, og det var gratis å delta.

Dei vaksne, som ikkje var med ut i båtane og publikum fekk servert kaffe medan dei unge og hjelparar var ute på fjorden og fiska.

SJFF stilte med båtar slik at dei 13 deltakarane kom seg ut på fjorden for å prøve fiskelykka, men fisken var ikkje så lettlurt denne kvelden, så fangsten vart heller liten. Da alle var komne på land rundt klokka 20, var fasiten fire fiskar fordelt på 3 fiskarar.

mann som spiser på benk ute
Ola Røe innsåg at det ikkje vart grillafisk denne gongen!

– Det er nok litt for tidleg på kvelden, for det er mykje fisk i fjorden, sa primus motor for arrangementet, Ola Røe.

Det var premie for lengste fisk, største fangst, og minste fisk. Knut Finborud Reigdal vann klassen for lengste fisk, med ein fisk på 78 centimeter.

vente ved rød fisk på sløyebord
Sigrid Sæterbø vann klassen minste fisk.

Broren Eirik Finborud Reigdal vann klassen for største fangst og Sigrid Sæterbø vann klassen for minste fisk, med ein bekkfant.

Etter fiskinga vart det servert grilla pølser og hamburgarar, og det var nok bra at arrangørane ikkje hadde satsa på å grille fangsten, for den var som sagt ikkje så stor.

utsikt med sjø
Båtane kjem inn til land etter endt konkurranse.

I tillegg til premiering av vinnarane i kvar klasse, så fekk alle som deltok i konkurransen ein caps og ein buff. Elles vart det delt ut andre effektar frå SJFF. Alle deltakarane var i tillegg med i eit gratislotteri med fleire fine gevinstar.

Sjølv om ikkje fisken beit, så vart det eit bra arrangement med høg trivselsfaktor. 

– Bortsett frå at fisken ikkje kom, så er vi godt nøgd med oppmøtet og deltakinga, sa leiar i Fiskeutvalget i SJFF, Eirik Asphol Stivold.

Powered by Labrador CMS