ANNONSE: Åsskard Sokneråd

Fellesrådsleiar Stig Sæter (frå venstre), Aashild Settemsdal, Jane Svensli, Bernt Bøe, Eva Svendsen og Kari Aarnes håpar på mannjamn oppslutning om dugnaden måndag

Inviterer til dugnad

Måndag er det kyrkjeleg rakardugnad på Åsskard. Soknerådet oppfordrar alle til å ta tak.

Ein vel sjøl kva tid ein vil begynne. Kyrkjetenar er med frå klokka 12. Soknerådet sørgjer for servering og samver i Kyrkjestua frå klokka 17.

- Området skal vera fint til konfirmasjon, 17. mai og andre komande samlingar, seier leiar Eva Jorid Svendsen i soknerådet.

- Vi ryddar både nygravstedet ved Trøa og områda attmed kyrkja. Ta med rive og annan høveleg reiskap! Di fleire vi er, di lettare og fortare går arbeidet.

Saman med fellesrådsleiar Stig Sæter og fungerande prest Torbjørn Brøske var soknerådet måndag samla til planlegging av både rakardugnad, gudstenester, konsert og andre tiltak dei komande vekene.

Powered by Labrador CMS