Midtsommarmarknad med 50 utstillarar
Komande laurdag er det Midtsommarmarknad med 50 utstillarar på Syltøran hos Hageland og Byggmakker. Da kjem utstillarar frå heile Midt-Noreg og da blir det full marknadsstemning frå marknaden åpnar.
Det blir nok mange gamle tråvarar som blir med, men også fleire nye – det blir nok mykje sommarmat av forskjellig slag, men og mykje anna rart som blir bydd fram.
Kan nemne HammerStuene som nok vil markere seg med god mat og Bjørn Kvendset frå Todalen vil stille med egg, honning og har også utvida med heimebaka flatbrød denne gongen. Det blir og mange gode tilbod frå både Hageland og Byggmakker - og Anita Talgø seier at utvalet i sommarblomster har aldri vore større enn det er akkurat no.
Det store spenningsmomentet er sjølvsagt vêret – plana er å bruke mykje av uteområdet til salsområde, men dersom vêrgudane slår seg vrang må nok mange flytte innandørs.
– Vi reknar med at det kjem eit par tusen for å bli med på Midtsommarmarknad, og da blir det folkat her, seier Nina Monsøy som er koordinator for prosjektet.
Sjølvsagt blir det gratis kaffe med noko attåt i kafeteriaen på Hageland.