Sesongåpning på Brukt og Bakels

Ragnar Kjøsen Band
Ragnar KJøsen Band.

På Landsemholtå i Rindal finn du "Brukt og Bakels"

"Brukt og Bakels" er ein bruktmarknad med sporadisk åpningstid om sommaren. Sesongåpninga er derimot ein storslagen happening med Thai-mat og konsert med godt utvalg av artistar. Butikkdama Marit Landsem  har gode kontakter. Det ser ein både av artistlista og publikum som kom både frå Molde og innafrå Trøndelagsbygdene

Publisert Sist oppdatert
Folksamt på tunet
Folksamt på tunet på Landsemholtå, men alle fekk sitteplass.

Åpninga i år var seinare enn vanleg, men det har knapt vore fleire besøkande nokon gong! For ein som er frå nabolaget, så er det ekstra triveleg å sjå så mykje folk som ein ikkje kjenner!

Bakelskjøp
Bakels i store stablar, ein av hovedingrediensane!
Mange bilar, trongt om parkering
Det vart trongt om plassen for bilane.

Det var gratis parkering, gratis inngang og gratis konsert, men det var kø ved matsalg . Mange fekk også kjøpt med seg spennande ting frå brukthyllene og borda i bua og garasjen.

Assortert utvalg av salgsvarer.
Langbord med assortert utvalg av brukt husgeråd i garasjen. I tillegg var det mykje i bua.
Vareutstilling
Gamle varer i garasjen.

Høgdepuntet åpningsdagen er sjølvsagt konserten. Med Ola-huken som scenebakgrunn stilte dei opp i tur og orden.

Harry Simonsen
Trubaduren Harry Simonsen

Førstemann var trubaduren Harry Simonsen frå Selbu. Han presenterte kjente viser, også trønderviser, men sin mørke, varme stemme.

Ragnar Kjøsen Band
Ragnar Kjøsen Band, presenterte kanskje ikkje puterock ...

Ragnar Kjøsen Band var ei gruppe frå Hølonda. Gruppa består av Ragnar Kjøsen, Anders Bolland, Johan Landsem Solem, Jørgen Raphaug Teksten og Jens Bonesvoll. Dei er akkurat ute med første låt på Spotify. Stemmen til Ragnar Kjøsen får vi høre meir til!

Ragnar Kjøsen Band
Ragnar Kjøsen Band
Leo Davidi Sundli
Leo Davadi Sundli
Leo og Viljar
Leo og Viljar

Neste par ut bar etternamnet Sundli, først Leo solo, så Viljar - også solo med tonefølgje av Leo. Leo har opptrådd på Landsemgarda frå han var 3 år. Under artistnamnet Storm har Leo Davadi Sundli opptrådd både i norsk TV og på europeiske scener.

Leo og Viljar på scena
Godt samspel mellom Leo og Viljar!

Dei eldste slapp til sist: Past Masters: Ingebrigt Landsem, Reidar Løfaldli, Magne Lillegård og Lars Landsem. Med gruppenamnet følger plikta til å presentere Beatles-låter. Det gjorde dei til fulle.

Past Masters
Past Masters.

Dermed er sesongen åpna på "Brukt og Bakels". Åpningstider blir annonsert på Facebook og truleg på Trollheimsporten!


Salg av hagepynt av gjenbruksmetall
Jørgen og Lura Design frå Storås selde bordpynt og hagepynt av gjenbrukt metall. Bakerst ser vi et stort bakelshjerte som blir å sjå her.


Salg av bildekunst.
Sundlibarn selde bildekunst.

.44545

Taimat, kjøtt på spyd
Her både luktar og smakar det godt!
Thaimat-salg
Orchid Thai selde deilig thaimat!

.Her Og her får man høre en smakebit fra Ragnar Kjøsen Band, med sangen "Har så mye på hjertet":


Powered by Labrador CMS