Tre personer på en scene med farget scenelys.
Byfrøknene vekte bondens interesse då dei besøkte landsbygda. Tor Fredrik Mikkelsen, Ronja Henden og Solvor Rosvoll Bøe på scena i Heim laurdag.

– Det er bærre sonnjt å ler se å by på se sjøl

På Humorfestivalen i Heim var Bøfjorden Teaterlag tatt ut med eitt nummer, «Basic Bitch», som vart framført av dei tre som óg stod bak idéen og teksten til sketsjen: Ronja Henden (23), Tor Fredrik Mikkelsen (26) og Solvor Rosvoll Bøe (17).

Publisert

Her får vi eit innblikk i korleis det kan gå når fjonge byfrøkner kjem til landsbygda og treff ein over gjennomsnittet dameinteressert ungkar, moglegvis ein såkalla INCEL («involuntary celibate»), altså ein som er ufrivillig damelaus. Akkurat dét hadde han visst ikkje tenkt å fortsette med å vere så lenge.

Nummeret vart laga med utgangspunkt i karakterane til dei vakre og litt sjølvopptatte bydamene, og så vaks historia fram etter kvart.

Sketsjen hausta både latter og applaus, og sjølv om bøfjordingane ikkje kom til finalen denne gongen, heng dei ikkje med hovudet av den grunn. Kor freistande det enn måtte vere å lage konspirasjonsteoriar over ein låg sko, for alle lyt jo forstå at dette revynummeret er makalaust bra, så var bøfjordingane nesten overraskande blide og glade da vi prata med dei i helga.

Gjengen er i utgangspunktet særs nøgde med å ha fått med eit nummer i uttaket til festivalen på Heim. Dei har ikkje vore med på dette nivået før, og ser erfaringa som ei rik kjelde til videre motivasjon og inspirasjon. Dei har notert seg gode idear og fine vriar både på tekst, scenebilde og framføring; notatboka er full, seier dei. Dei har óg nytta festivalen til å knyte kontaktar med andre revylag. Dei har truffe fleire nøkkelpersonar for vidare læring og utvikling både i tekstforming, sceneframføring og alt anna som må være til stades for at eit revynummer skal kunne unnfangast og deretter framførast.

Heile festivalen, men kanskje særleg revymøtet med dei andre revygruppene laurdagen, var med på å gi eit godt innblikk i det store bildet, meiner Tor Fredrik. Her vart det klart at revy ikkje berre er å stå på ei scene å lire av seg tøys og tull, men at det óg representerer ein lang og imponerande tradisjon i norsk scenekunst. Ein står i ein samanheng, både historisk og nasjonalt, ein ser at ein er ein liten del av noko mykje, mykje større. Det var ganske overraskande og særs motiverande óg, meiner Tor Fredrik.

Tre personer på en scene med farget scenelys.
Tor Fredrik Mikkelsen.
Tre personer på en scene. Lilla og blått lys.
Tor Fredrik Mikkelsen.

«Basic Bitch» var eit av numra frå revyen «TREDVE» som vart sett opp i Bøfjorden grendahus no i påska, med «treffsikker lokalhumor» ifylgje media. Namnet kjem frå lagets tredveårsjubileum som var nettopp no i år, og alle dei tre revyentusiastane var med.

Revy er eit særdrag som gjerne set seg i somme familiar, og Ronja er vakse opp med revymiljøet i Surnadal. Når Ronja flytter til Bøfjorden er det naturleg og viktig for ho å bli med i den lokale Bøfjordrevyen. Tor Fredrik på si side vart rekruttert og overtala av Ronja ut frå det faktum at han er reservebøfjording; sia han har mykje slekt i Bøfjorden og i tillegg har såpass stor sans for kvinnfolka i denne grenda, kan ein ikkje godt sjå han som framandkar, meinte Ronja. Altså vart det revy i Bøfjorden også på Tor Fredrik. Han har litt erfaring frå scena, frå den gong han gjekk på ungdomsskulen, men elles reknar han seg som debutant. Solvor er yngst av dei tre, og er også med i revy for første gong.

Ronja er for tida leiar i Bøfjorden Teaterlag, og syns det er fint at dei unge kan vere med og ta del i leiing og administrasjon av laget. Ein nøkkel til engasjement i lag og foreiningar er å inkludere og involvere fleire folk, slik at ein ikkje slit altfor mykje på dei same eldsjelene i laget, for ein har ikkje råd til at dei brenn ut og gir seg. Det er ingen fare for at eldsjelene sluttar å bry seg om dei slepp å gå med leiartrøya eit år, for dei blir med uansett. Det er aldri noko problem, uansett kva ein vil vite noko om, veteranane i laget er straks på pletten for å klare opp i ting.

Det å vere med i eit revylag i ei ganske lita bygd inneber både å få eit stort ansvar og gode moglegheiter til å taka ansvar, å skine, å by på seg sjølv. Det er takknemleg på den måten at ein får dyrke eiga kreativitet, ein får utvikle sider ein kanskje ikkje ante ein hadde, ein lærer seg kroppsspråk og stemmebruk, og ein får strekke seg så langt ein tør og vil. Dette er ganske viktige teknikkar som alle har bruk for å vere merksame på, same om ein spelar revy eller ikkje.

Ronja meiner at ungdommen som har vakse opp med telefon får brukt kreativiteten sin mindre og mindre, og poengterer at det er noko dei verkeleg får brukt når dei er med på å lage revy.

Revystjernene vil og gjerne nytte høvet til å strekke ut handa til andre unge som måtte gå i tankar om å starte med revy. Sjølv om dei er ei ganske robust, hard kjerne av «die-hard» revyfolk i Bøfjorden Teaterlag på omlag eit tjuetals personar, så ønsker dei seg alltid tilskot av nye ungdomar, og eldre revyspelarar óg, for den delen.

Tre personer på en scene. Lilla, rødt og blått lys.
– Her fe e bruk fær jurklutn min!

Det er mange som trur at ein må på scena for å vere med i revy, men om du har lyst til å skrive, eller sy kostymar, eller lage kulisser og rekvisita, eller berre stille med amatørpsykologisk krisepsykiatri på dei siste øvingane, eller har lyst til å koke kaffi til dei andre, så er du uansett ekstremt velkomen i eitkvart revylag, og Bøfjorden er ikkje noko unnatak i så måte.

Det er utruleg sosialt å vere med i revylag, seier dei unge bøfjordingane. Det er kanskje det som er det viktigaste å få med her, at det er det sosiale som er så stas, all fliringa, all galskap, all framgong, all vekst som skjer når unge, vaksne og eldre møtes og flirer i lag.

  • For det fyrste, om ein ikkje liker seg der, så kan ein jo alltids slutte. Det er jo eit fritt land.

  • For det andre, ein kan jo berre gi det ei viss tid, og så kan ein slutte, om ein no absolutt ikkje kjenner at det gir ein noko. Då har ein uansett utvida sin horisont.

  • For det tredje, mange unge synes det ser ut til at andre unge som er med i teaterlaget har sånn valdsam sjølvtillit. Da er det viktig å minne om at for dei fleste er denne sjølvtilliten eit resultat av å vere med på scena og ta del i revy, ikkje ei utrusting du har før du startar.

  • For det fjerde, ein lærer seg at ein kan og skal bidra med det ein får til.

  • For det femte: Om du var klassens klovn, så har du kanskje lett for å få med deg folk til å sjå det slik du såg det, med skråblikket ditt. Det kan du nytte til noko meir konstruktivt her.


    Men framleis er det slik at noko av det viktigaste, det er at for å få til å spele revy, så er ein nøydd til å by på seg sjølv. Og så er vi, alle vi revyentusiastane så rørande einige, med eitt:

  • Det er ingen som har vondt av å by litt på seg sjølv, men det må gjerne lærast.

  • Og det e altså bærre sunjt, det å lær se det som ganske ung, å by på se sjølv.

  • Det får du garantert bruk for, i alle slags situasjonar opp gjennom.


    Og det får stå som siste melding frå Bøfjorden i denne omgangen.

Tre personer på en scene. Lilla og blått lys.
Kontrast. Det var bevisst at dei tok med ein bonde i kjeledress med i sketsjen saman med desse fjonge bydamene.
Powered by Labrador CMS