Førejulsmartna’ i Bøfjorden:
Folksamt på Lerkebakken
Lerkebakken Klippekafe - frisørsalongen og kunstgalleriet til Tanja Heggem - var utvida til marknadsarena laurdag: Mange aktørar, stort vareutvalg og borti 200 frammøtte!
Med alle små og større hus som Tanja og mannen Ove Aage Grimsmo har sett opp her attmed lerketrea i Ytterneset, vart det reine julebyen denne ettermiddagen.
Folk kosa seg både utandørs og inne i dei tradisjonsprega stuene - der kunstverk av søstrene Tanja og Gjertrud Heggem både pynta opp og freista til kjøp.
«Vetleseter Brød»
Kaffekos var det ute og inne. Tor Rune Halset baud på kaffe og sveler ved ytterdøra. Søstrene Nora og Gunnhild - no som «Søstrene Vetleseter Brød» baud på sjølbaka julebrød, syltety, marmelade, eplesmør og heimesteikt flatbrød. Omsetninga gjekk strålande - dei var utselde før dei visste ordet av det.
Konfirmantane Ingrid og Vår stod ved gryta og laga smultringar. Det både dufta og smaka godt.
Skålene med Nonnon sin smørgraut gjekk også unna. - Terningkast seks! høyrde vi. Eva Sæterbø selde honningprodukt av ymse slag - med drops som gratis smaksprøve.
Kunstnarsøstrene Heggem
Gjertrud og Tanja Heggem er begge biletkunstnarar - med kvar sitt stilpreg. Kunst plassert rundt alle vegger skapte flott stemning. Salget gjekk godt – med måleri til julegåver, keramikk, kort og kalenderar.
Besøkande frå både Halsa, Surnadalen, Rindalen, Todalen og (sjølsagt) heimbygda opplevde eit flott førejulstreff. Og mangel på parkeringsplassar må vel kallast eit luksusproblem?