Gjensyn med gammel skikk:

En kvinne sett bakfra står foran et utsmykket alter i en kirke.
Ei viss tid etter ein barnefødsel vart mora høgtideleg ført inn i kyrkja.

Mødres Kirkegang

Eit kyrkjejubileum skaper levande gjensyn. Tysdagens Jonsvaka i Åsskard viser mykje tradisjon – også «Mødres Kirkegang».

Publisert

Elise Hyldbakk, som «inngangskone», og prest Erik Blomstrøm i klassisk drakt demonstrerer ein høgtideleg skikk med røter i Det gamle testamentet.

Ved si første gudsteneste etter å ha fødd eit barn vart mora («inngangskona») i gamle dagar ført inn i kyrkja med ein spesiell liturgi. Bakgrunnen finn vi i 3. Mosebok 12.

Eks-Halsaprest Erik Blomstrøm er «inngangsliturg» på Jonsvaka.

«Daab og Indgangskone» i den nye Åsskard-kyrkja

Skikken var lovfesta til 1754. Men vi ser at den var praktisert enno på første gudstenesta i Åsskardkyrkja (1876) da ei jente vart døypt og mora var inngangskone. Kven desse var, blir røpa i eit tablå under Jonsvaka.

Praksisen gjekk gradvis av bruk utover 1800-talet. Men Harriet Backers berømte bilete «Inngangskoner i Tanum kirke» skal vera måla så seint som i 1890. Formelt vart  «Mødres kirkegang» ikkje avvikla før ved liturgirevisjonen i 1975.

Tre personer i et gammeldags rom med stort rutete vindu og en trebenk.
Berømt måleri: «Inngangskoner» av Harriet Backer.

Vers etter Christen Bruseth

På Nordmøre song dei «Som sig en Fader forbarmer» (vers 3 av salmen  «Min sjel, min sjel, lov Herren») når presten leidde inngangskona fram i kyrkja. Etter klokkar Christen Bruseth i Stangvik har vi ein vakker folketonevariant av verset. Den blir bruka under seremonien i Åsskard jonsokkvelden.

Tablå og folketonemesse

I eit anna lite tablå vil Syver Vetleseter Melling framstille kyrkja sin «hovudsponsor» Jørgen (Jørn) Dreyer Aasgaard. Lokale folketonar etter Jørn sin nevø Kristian Aasgaard og ein feleslått frå Svorka er elles fletta inn i kveldens nyskrivne «Folketonemesse».

Powered by Labrador CMS